NVE søkjer regionsjef for Region Vest

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 02. mai, 2021. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

Hovudmåla for Skred- og vassdragsavdelinga er å betre samfunnet si evne til å handtere flaum- og skredrisiko samt å bidra til heilskapleg  og miljøvennleg forvalting av vassdraga. Eit viktig delmål er å redusere konsekvensane av flaum- og skredhendingar gjennom kartlegging, arealplanoppfølging, sikring, overvaking/varsling, krisehandtering, FoU og formidling.   Regionsjefen har ei viktig rolle som NVE si kontakt med lokale og regionale myndigheiter. Dette gjeld særleg innan NVE sitt hovudmål som er å betre samfunnet si evne til å handtere flaum- og skredrisiko. Regionsjefen sitt ansvar omfattar overordna ansvar for sikrings- og beredskapsarbeid i Vestland og Møre og Romsdal. Som følgje av NVE si organisasjonsendring kan det bli justeringar i regionsjefen si rolle og sitt ansvar.   Vi søkjer leiar for regionkontoret i Region Vest med kontorstad i Førde. Kontoret har 38 medarbeidarar frå ulike fagseksjonar i NVE, der 12 medarbeidarar rapporterer direkte til regionsjefen. Regionsjefen inngår i Skred- og vassdragsavdelinga si leiargruppe, og rapporterer til avdelingsdirektøren.

Arbeidsoppgaver

  • Leie det overordna arbeidet med flaum- og skredsikring i regionen
  • Leie beredskapsarbeidet innan naturfare i region vest
  • Representere NVE i relevante eksterne fora og samarbeide med regionale mynde
  • Vere samfunnskontakt mellom NVE og kommunane
  • Handtere førespurnadar frå media
  • Legge til rette for gode lokale arbeidsplassar og følge opp medarbeidarar på regionkontoret i samspel med aktuelle seksjonssjefar 

Ønskede kvalifikasjoner

  • Høgare relevant utdanning frå høgskole/universitet på masternivå
  • Erfaring frå, eller god kjennskap til, offentleg forvalting
  • Leiarerfaring/prosjektleiarerfaring
  • Kommunisere og samhandle godt både internt og med lokale og regionale mynde, grunneigarar og publikum
  • Evne til å leie fagleg sterke medarbeidarar er en fordel
  • Evne til å leie i ein organisasjon i utvikling og endring
  • Svært god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • Førarkort klasse B

Det er krav om sikkerheitsklarering på nivå Hemmeleg (H) før tilsetting.

Personlige egenskaper

  • Du er open og initiativrik
  • Du er strukturert, samlande og tenkjer heilheit
  • Du er handlekraftig, resultatbevisst og god til å ta avgjerder
  • Du er samarbeidsorientert og har stor arbeidskapasitet
  • Du likar å leie andre på ein empatisk og inkluderande måte
  • Det blir lagt stor vekt at søkjaren er personleg eigna

Vi tilbyr

  • Eit sterkt og aktivt fagmiljø med dyktige medarbeidarar samt varierte og spennande arbeidsoppgåver
  • Eit godt arbeidsmiljø med vekt på utvikling av organisasjon og medarbeidarar
  • Gode arbeidstidsordningar
  • Familievennleg og fleksibel personalpolitikk
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse (SPK)
  • Årsløn innan spennet kr 720 000 - 950 000 pr. år i stillingskode Sjefsingeniør  (1088). For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn bli vurdert. Frå løna blir det trekt pensjonsinnskot etter gjeldande reglar.  Endelig lønnsplassering avhenge av kvalifikasjonar. 

Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil legge til rette for medarbeidarar som har behov for det. Vi oppfordrar søkjarar til å krysse av i jobbsøkjarportalen dersom du har funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Dette dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst ein søkjar i kvar av disse gruppene til intervju. For å bli vurderte som søkjar i desse gruppene, det vil seie positivt særbehandla på denne måten, må søkjar oppfylle visse krav. Les meir om krava på: arbeidsgiver.difi.no (Arbeidsgiverportalen).

Dersom du ønskjer å bli unntatt frå den offentlege søkjarlista, må du grunngje dette. Vi varslar deg dersom vi ikkje tek ønskje ditt til følgje. Du vil då få høve til å trekkje søknaden før den vert gjort offentleg.  Ved behov kan det bli gjennomført ein utvida referansesjekk av kandidat(ar) som blir innstilte. Dette inneber dokument- og kjeldekontroll for å stadfeste opphav og gyldigheit,  m.a. informasjon i CV, eller dokument som er vedlagt.  

Kontaktpersoner

Brigt Samdal
Direktør Skred- og vassdragsavdelingen
Telefonnummer: +47 907 48 238
Kathrine Berg Nilsen
HR-kontakt
Telefonnummer: 22 95 98 62

Hvem er Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)?

Vil du jobbe tett på Norges vann- og energiressurser? Som ansatt i NVE kan du være med å påvirke hvordan disse viktige ressursene blir brukt i fremtiden.

NVE må håndtere mange utfordringer i årene som kommer. Klimaendringene, fornybar energi, sikker strøm­forsyning, flom, skred og internasjonalisering av bransje og regelverk er eksempler på dette. NVE har hovedkontor i Oslo og regionkontor i Tønsberg, Hamar, Førde, Trondheim og Narvik. I tillegg har vi fjellskredovervåking på Stranda og i Kåfjord.

Les mer om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) og se flere ledige stillinger