Norconsult Sogn og Fjordane treng fleire medarbeidarar – open søknad

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 30. mars, 2020. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

Er du vår nye medarbeidar?

Norconsult Sogn og Fjordane har kontor i Førde, Sogndal, Årdal og på Sandane med over 60 medarbeidarar totalt. Vi utfører tenester innan samfunns- og arealplanlegging, veg- og trafikk, landskapsarkitektur, VA, elektro, VVS, landmåling, geoteknikk, ingeniørgeologi, industri/maskin, konstruksjon, bygg- og anlegg og prosjektadministrasjon.

Hjå oss møter du engasjerte kollegaer, frå unge nyutdanna til erfarne seniorar med brei kompetanse og stort nettverk i bransjen.

Dette er stillingsutlysinga for deg med kompetanse som ikkje inngår i andre utlyste stillingsannonsar for kontoret, jf. utlyste stillingar innan geoteknikk, ingeniørgeologi, landskapsarkitektur, bygg/konstruksjon, prosjektleiing/prosjektadministrasjon, VA og elektro.

Dersom du har annan fagkompetanse, som er relevant for Norconsult, kan du søke på denne stillinga. Det er viktig at du grunngjev kvifor vi skal satse på akkurat deg!

Vi søkjer deg som er interessert i å vere ein del av eit tverrfagleg og framtidsretta rådgjevarmiljø i vekst. Stillinga vil by på store moglegheiter for fagleg og personleg utvikling i eit sterkt kompetanse miljø.

Arbeidsoppgåver vil kunne tilpassast dine faglege og personlege kvalifikasjonar.

For oss er det viktig at du:

  • Har eit fagleg engasjement
  • Er kreativ, løysingsorientert og ønskjer fagleg utvikling
  • Tek initiativ, er målretta og resultatorientert
  • Er fleksibel og ansvarsbevisst
  • Er sjølvstendig, men likar å arbeide med menneske og fungerer godt i team – ein god relasjonsbyggjar
  • Er flink til å formulere deg munnleg og skriftleg på norsk
  • Har god erfaring med digitale verktøy

Hjå oss får du:

  • Spennande kompetansehevings- og karrieremogelegheiter innan marknad, fag, linje og oppdrag
  • Verdibasert samfunnsplanlegging med fokus på framtidsretta og berekraftige løysingar
  • Sterk bedriftskultur og godt arbeidsmiljø prega av uformelle kommunikasjonslinjer på tvers av organisasjon og geografi
  • Eige fora for yngre medarbeidarar med direkte tilgang til toppleiinga i konsernet (Yngres Råd)
  • Ordning for deling av overskotet der alle tilsette får direkte utbytte av resultatet i selskapet
  • Eigarskap i Norges største tverrfaglege rådgjevarbedrift
  • Gode løns- og arbeidsvilkår
  • Fleksibel arbeidstid
  • Studieturar, interne fagsamlingar/fagnettverk, ulike sosiale arrangement, bedriftshytter mv

Vi gjer merksam på at det berre er elektroniske søknadar som vil bli handsama.

Kontaktpersoner

Tone Kristin Myklebust Kvåle
Kontorleder
Telefonnummer: 95807509

Hvem er Norconsult?

Norconsult AS er med sine 4000 ansatte Norges største flerfaglige rådgiver rettet mot samfunnsplanlegging og prosjektering. Vi leverer tjenester nasjonalt og internasjonalt knyttet til bygg og eiendom, energi, industri, miljø, olje og gass, samferdsel, samfunnsplanlegging, sikkerhet og vann og avløp. Selskapet som er eid av de ansatte har hovedkontor i Sandvika og mer enn 96 andre kontorer i Norge og utlandet.

Les mer om Norconsult og se flere ledige stillinger