Stillingsbeskrivelse
Stillingsbeskrivelse
Norconsult sitt miljø innan elektroteknikk utgjer i dag omlag 300 Sivilingeniørar og ingeniørar i Noreg. Norconsult Sogn og Fjordane har kontor i Førde, Flekke, Sogndal, Gaupne, Årdal, Sandane og på Nordfjordeid, med omlag 70 medarbeidarar totalt. Vi utfører tenester innan samfunns- og arealplanlegging, veg- og trafikk, landskapsarkitektur, VA, elektro, VVS, landmåling, geoteknikk, industri/maskin, ingeniørgeologi, miljø, konstruksjon, bygg- og anlegg og prosjektadministrasjon.
Hjå oss møter du engasjerte kollegaer, frå unge nyutdanna til erfarne seniorar med brei kompetanse og stort nettverk i bransjen.
Vi søkjer etter dyktig sivilingeniør eller ingeniør med minst 3-5 års relevant erfaring innan elektro- og byggautomasjonsteknikk frå rådgjevar- eller entreprenørbransje. Fagbrev som elektromontør el.l i tillegg er eit pluss.
Vi søkjer deg som er interessert i å vere med å byggje opp eit elektromiljø i vekst, med spennande arbeidsoppgåver på mindre og større prosjekt. Stillinga vil by på store moglegheiter for fagleg og personleg utvikling i eit sterkt kompetanse miljø. Vi ønskjer primært tilsetting i Førde, men andre kontorstadar kan vere aktuelle.
Er du vår nye medarbeidar?
Dine arbeidsoppgåver vil vere:
-
Planlegging og prosjektering av elektro-installasjonar i bygg og anlegg, eventuelt industri og samferdsle/infrastruktur anlegg
-
Automatisering og instrumentering i alle typar bygg og anlegg
-
Modellering og varierte arbeidsoppgåver i ulike fasar av prosjekt.
-
Utarbeiding av konkurransegrunnlag og kostnadsoverslag
-
Bruk av DAK/BIM-verktøy, visualiserings- og innsynsmodellar
-
Tverrfagleg koordinering
-
Oppdragsleiing og oppfølging på byggeplass
-
Kundeoppfølging, marknadsføring og sal/tilbodsarbeid
For oss er det viktig at du:
-
Har eit fagleg engasjement
-
Er kreativ, løysingsorientert og ønskjer fagleg utvikling
-
Tek initiativ, er målretta og resultatorientert
-
Er fleksibel og ansvarsbevisst
-
Er sjølvstendig, men likar å arbeide med menneske og fungerer godt i team – ein god relasjonsbyggjar
-
Er flink til å formulere deg munnleg og skriftleg på norsk
-
Har erfaring med 3D-modellering og BIM
Hjå oss får du:
-
Spennande kompetansehevings- og karrieremogelegheiter innan marknad, fag, linje og oppdrag
-
Verdibasert samfunnsplanlegging med fokus på framtidsretta og berekraftige løysingar
-
Sterk bedriftskultur og godt arbeidsmiljø prega av uformelle kommunikasjonslinjer på tvers av organisasjon og geografi
-
Eige fora for yngre medarbeidarar med direkte tilgang til toppleiinga i konsernet (Yngres Råd)
-
Ordning for deling av overskotet der alle tilsette får direkte utbytte av resultatet i selskapet
-
Gode løns- og arbeidsvilkår
-
Fleksibel arbeidstid
-
Studieturar, interne fagsamlingar/fagnettverk, ulike sosiale arrangement, bedriftshytter mv
Vi gjer merksam på at det berre er elektroniske søknadar som vil bli handsama.
I Norconsult utviklar vi samfunnet for morgondagen ved å kombinere ingeniørfag, arkitektur og digital kompetanse. Vi har ei heilskapeleg tilnærming med utgangspunkt i at vi er lokalt tilstades og tverrfagleg kompetanse og samarbeid. Gjennom nyskaping og innovasjon, og med føremålet «Kvar dag gjer vi kvardagen betre», søker vi stadig etter meir berekraftige, effektive og samfunnsnyttige løysingar. Vi er tverrfaglig rådgjevarselskap, og våre 5 600 medarbeidarar er fordelt på rundt 130 kontor, hovudsakleg i Norden. Kvart år løyser vi tusenvis av små og store oppdrag for private og offentlege kundar, innan blant anna bygg og eigedom, samferdsel, arkitektur, fornybar energi, vatn og avløp, industri, sikkerheit, miljø og IT.
Kontaktpersoner
Lars-Idar Vegsund
Avdelingsleder Kontor
Hvem er Norconsult?
Norconsult AS er med sine 5300 ansatte Norges største flerfaglige rådgiver rettet mot samfunnsplanlegging og prosjektering. Vi leverer tjenester nasjonalt og internasjonalt knyttet til bygg og eiendom, energi, industri, miljø, olje og gass, samferdsel, samfunnsplanlegging, sikkerhet og vann og avløp. Selskapet som er eid av de ansatte har hovedkontor i Sandvika og mer enn 96 andre kontorer i Norge og utlandet.