Stillingsbeskrivelse
Stillingsbeskrivelse
Vil du bli ein del av eit selskap i vekst? Likar du å sjå ulike delar vekse saman til å bli eit komplett, berekraftig og solid prosjekt? Likar du å vere den som skal sikre at det skjer? Då kan du vere akkurat den vi treng på laget - vi søkjer etter ein dyktig prosjekteringsleiar!
Norconsult er det største rådgjevarmiljøet i landet og har stort fokus på samarbeid, berekraft og effektive, innovative og digitale arbeidsprosessar. Norconsult finn løysningar gjennom samskaping og bruk av digitale verktøy, og er leiande innan gjennomføring av heldigitale og teikningslause prosjekt. Vi dekkjer alle involverte fag i oppdraga våre og kan difor sette saman komplette team av eigne medarbeidarar som kan jobbe tett saman i det daglege prosjektarbeidet.
Eit tverrfagleg fokus er nøkkelen for å løyse utfordringane no og i framtida. Norconsult treng fleire engasjerte, samlande og dedikerte medarbeidar for å jobbe saman, til det beste for samfunnet og kundane våre. Det at vi er tilstades lokalt, gjer at vi forstår dei lokale behova og vi tek fatt på oppgåvene med ei tverrfagleg og heilskapeleg tilnærming samstundes som vi har Norconsult si breie erfaring og tyngde i ryggen. Dette sikrar både kvalitet, innovasjon og framtidsretta val.
I Sogn og Fjordane har Norconsult ei tverrfagleg rådgjevargruppe i vekst som utfører spennande og varierte oppdrag i eit godt arbeidsmiljø. Oppdraga vert ofte gjennomførte på kryss og tvers internt i Sogn og Fjordane, men også i andre deler av landet og i tett samarbeid med andre fagområde, kontor og avdelingar i heile Norconsult. Avhengig av bakgrunn og erfaring vil du kunne jobbe på store tverrfaglege prosjekt, men også i mindre, lokale oppdrag.
Vi er over 70 medarbeidarar lokalt, med kontor i Førde, Flekke, Sogndal, Gaupne, Årdal, Sandane og på Nordfjordeid. Vi jobbar med planlegging, prosjektering og leiing av oppdrag innan alle typar prosjekt, offentlege og private.
Vi utfører tenester innan samfunns- og arealplanlegging, veg- og trafikk, landskapsarkitektur, VA, elektro, VVS, landmåling, geoteknikk, industri/maskin, ingeniørgeologi, miljø, konstruksjon, bygg- og anlegg og prosjektadministrasjon.
Vi har høge ambisjonar og ideal innan berekraft, digitalisering og samarbeid, og vert inspirerte av å kople det samen med kundane sine behov, slik at vi kan komme fram til den optimale leveransen for det aktuelle prosjektet.
Den/dei som ønsker å vere med på laget vårt kan velgje kontorstad mellom kontora våre i Sogn og Fjordane.
I Norconsult får du hyggjelege og dyktige kollegar, og du blir en del av eit tverrfagleg rådgjevarmiljø med høg kompetanse og utfordrande oppgåver. Vi er gjennom våre dyktige medarbeidarar og gode system svært godt rusta til å møte det digitale skiftet, noko som gir gode utviklingsmoglegheiter i konsernet.
Våre forventningar
Som prosjekteringsleiar er det forventa at du har evne og vilje til å leie små og store oppdrag for Norconsult. Handterer du i tillegg komplekse problemstillingar med mange interessentar involvert, kan du vere den vi leitar etter.
Din bakgrunn
Du har bakgrunn som rådgjevar, byggherre eller entreprenør med erfaring frå planlegging, prosjektering eller bygging av oppdrag innan
Industri, Samferdsel eller Bygg og eigedom
– det vil seie ei fagleg forankring. Du har i tillegg erfaring med prosjekt-/ prosjekteringsleiing av tverrfaglege prosjekt som krev stor grad av involvering og tverrfagleg forståing. Det er også ønskjeleg at du har erfaring frå tilbodsarbeid, samt har kunnskap og interesse for marknadsarbeid og kundeoppfølging.
Nysgjerrig på korleis det er å jobbe i Norconsult? Få med deg serien «Rådgiverne» der vi gir deg eit unikt innblikk i arbeidskvardagen vår:
https://www.norconsult.no/radgiverne/
Vil du vite meir om kva moglegheiter du med nokon års erfaring har i Norconsult? Les her:
https://www.norconsult.no/jobb-og-karriere/heads-for-tomorrow---professional/
Dine arbeidsoppgåver kan typisk vere:
-
Prosjekteringsleiing, men kan også prosjektleiing eller byggeleiing for byggeprosjekt innan bygg og eigedom, industri eller plan og samferdsle prosjekt.
-
Tverrfagleg oppdragsleiing internt i Norconsult for gjennomføring av små og store oppdrag
-
Framdriftsplanlegging og oppfølging av kontrakt
-
Rådgjeving i tidleg fase, prosjektutvikling
-
Fagleg arbeid/bistand i oppdrag, kvalitetssikring m.m.
-
Koordinatorroller i samsvar med byggherreforskrifta, byggherreombod, KU/KP
-
Bygg-SØK oppgåver etter plan- og bygningslova
-
Utarbeiding av anbodsdokument og kostnadsestimat/kalkylar
-
Anskaffelsesassistanse på vegne av oppdragsgjevarar
-
Tilbod og marknadsarbeid
For oss er det ønskjeleg at du:
-
Er sivilingeniør eller ingeniør (master eller bachelor) innan relevant fagområde
-
Har erfaring innan prosjektering og oppdragsleiing
-
Har erfaring med ulike entreprise-former
-
Har tverrfagleg kompetanse og innsikt
-
Er sjølvstendig, men likar å arbeide med menneske. Har gode evner til samarbeid og relasjonsbygging i grupper/team
-
Er strukturert og initiativrik
-
Har gode kundereferansar og etablert nettverk i regionen
-
Formulerer deg godt munnleg og skriftleg på norsk
-
Har eit ønskje om å bidra til fagleg og personleg utvikling, både hjå deg sjølv og dei rundt deg
Innsending av søknad
: Søknad med CV, vitnemål og attester skal sendast via vårt elektroniske søknadsskjema på våre internettsider. Vi gjer merksam på at det kun er dei elektroniske søknadene som vil bli handsama. Søknaden må vere skriven på eit skandinavisk språk.
Ring oss gjerne for ein prat.
I Norconsult utviklar vi samfunnet for morgondagen ved å kombinere ingeniørfag, arkitektur og digital kompetanse. Vi har ei heilskapeleg tilnærming med utgangspunkt i at vi er lokalt tilstades og tverrfagleg kompetanse og samarbeid. Gjennom nyskaping og innovasjon, og med føremålet «Kvar dag gjer vi kvardagen betre», søker vi stadig etter meir berekraftige, effektive og samfunnsnyttige løysingar. Vi er eit tverrfaglig rådgjevarselskap, og våre 5 600 medarbeidarar er fordelt på rundt 130 kontor, hovudsakleg i Norden. Kvart år løyser vi tusenvis av små og store oppdrag for private og offentlege kundar, innan blant anna bygg og eigedom, samferdsel, arkitektur, fornybar energi, vatn og avløp, industri, sikkerheit, miljø og IT.
Kontaktpersoner
Lars-Idar Vegsund
Avdelingsleder Kontor
Hvem er Norconsult?
Norconsult AS er med sine 5300 ansatte Norges største flerfaglige rådgiver rettet mot samfunnsplanlegging og prosjektering. Vi leverer tjenester nasjonalt og internasjonalt knyttet til bygg og eiendom, energi, industri, miljø, olje og gass, samferdsel, samfunnsplanlegging, sikkerhet og vann og avløp. Selskapet som er eid av de ansatte har hovedkontor i Sandvika og mer enn 96 andre kontorer i Norge og utlandet.