Norconsult Sogn og Fjordane søkjer erfaren sivilingeniør/ingeniør konstruksjonsteknikk

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 06. mars, 2023. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

Stillingsbeskrivelse

Vil du vere med å utvikle eit sterkt lokalt fagmiljø innan konstruksjonsteknikk?

Norconsult Sogn og Fjordane har kontor i Sogndal, Årdal, Gaupne, Førde, Sandane og på Nordfjordeid med over 70 medarbeidarar totalt. Vi utfører tenester innan samfunns- og arealplanlegging, veg- og trafikk, landskapsarkitektur, VA, elektro, VVS, landmåling, geoteknikk, industri/maskin, ingeniørgeologi, miljø, konstruksjon, bygg- og anlegg og prosjektadministrasjon.

Bygg-/konstruksjonsteknikkgruppa utgjer det største fagmiljøet vårt med i alt 15 medarbeidarar. Hos oss møter du engasjerte kollegaer, frå unge nyutdanna til erfarne seniorar med brei og tverrfagleg kompetanse og stort nettverk i bransjen.

Vi har for tida stor oppdragsmengde og søkjer sivilingeniør/ingeniør innan bygg og konstruksjonsteknikk. Det er ønskjeleg at du har erfaring frå rådgjevar- og/eller entreprenørverksemd, og kan vere ein sentral fagperson og mentor i vår faggruppe i Sogn og Fjordane.

Stillinga vil by på store moglegheiter for fagleg og personleg utvikling i eit sterkt kompetansemiljø. Oppdraga spenner frå utviklingsfasar via skisse- og forprosjekt til detaljprosjektering og FDV-dokumentasjon.

Vi ønskjer fortrinnsvis tilsetting i Førde, men alle kontorstader i Sogn og Fjordane er aktuelle.

Nysgjerrig på korleis det er å jobbe i Norconsult? Få med deg serien «Rådgiverne» der vi gir deg eit unikt innblikk i arbeidskvardagen vår:  https://www.norconsult.no/radgiverne/

Vil du vite meir om kva moglegheiter du med nokon års erfaring har i Norconsult? Les her: https://www.norconsult.no/jobb-og-karriere/heads-for-tomorrow---professional/

Dine arbeidsoppgåver vil vere:

  • Planlegging og prosjektering av konstruksjonar innan bygg og anlegg

  • Prosjektadministrasjon, anleggsleiing og byggeleiing

  • Kontroll av betongarbeid/anleggsarbeid

  • Analysar, dimensjonering, modellering med varierte arbeidsoppgåver i ulike fasar av prosjekt.

  • Utarbeiding av konkurransegrunnlag og kostnadsoverslag

  • Bruk av DAK/BIM-verktøy, visualiserings- og innsynsmodellar

  • Oppdragsleiing og oppfølging på byggeplass

  • Tverrfagleg koordinering

  • Fagansvarleg for konstruksjonsfaget

  • Kundeoppfølging, marknadsføring og sal/tilbodsarbeid

  • Arbeidsoppgåvene kan tilpassast interesser og kvalifikasjonar.

For oss er det ønskjeleg at du:

  • Har erfaring med tverrfagleg prosjektering og kan leie tverrfaglege prosjekt

  • Har eit stort fagleg engasjement

  • Har solid kompetanse og interesse innan statikk og konstruksjonsfag

  • Har erfaring med verktøy for analysar og dimensjonering

  • Har erfaring med 3D-modellering og BIM

  • Er kreativ, løysingsorientert og ønskjer fagleg utvikling

  • Tek initiativ, er målretta og resultatorientert

  • Er fleksibel og ansvarsbevisst

  • Er sjølvstendig, men likar å arbeide med menneske og fungerer godt i team – ein god relasjonsbyggjar

  • Likar å dele kunnskap, og kan tenkje deg ei rolle som fagleg mentor for yngre medarbeidarar

  • Har gode samarbeidsevner

  • Er flink til å formulere deg munnleg og skriftleg på norsk

Hjå oss får du:

  • Spennande kompetansehevings- og karrieremogelegheiter innan marknad, fag, linje og oppdrag

  • Verdibasert samfunnsplanlegging med fokus på framtidsretta og berekraftige løysingar

  • Sterk bedriftskultur og godt arbeidsmiljø prega av uformelle kommunikasjonslinjer på tvers av organisasjon og geografi

  • Eige fora for yngre medarbeidarar med direkte tilgang til toppleiinga i konsernet (Yngres Råd)

  • Ordning for deling av overskotet der alle tilsette får direkte utbytte av resultatet i selskapet

  • Gode løns- og arbeidsvilkår

  • Fleksibel arbeidstid

  • Studieturar, interne fagsamlingar/fagnettverk, ulike sosiale arrangement, bedriftshytter mv

Innsending av søknad:

 Vi gjer merksam på at det berre er elektroniske søknadar som vil bli handsama.

I Norconsult utviklar vi samfunnet for morgondagen ved å kombinere ingeniørfag, arkitektur og digital kompetanse. Vi har ei heilskapeleg tilnærming med utgangspunkt i at vi er lokalt tilstades og tverrfagleg kompetanse og samarbeid. Gjennom nyskaping og innovasjon, og med føremålet «Kvar dag gjer vi kvardagen betre», søker vi stadig etter meir berekraftige, effektive og samfunnsnyttige løysingar. Vi er eit tverrfaglig rådgjevarselskap, og våre 5 600 medarbeidarar er fordelt på rundt 130 kontor, hovudsakleg i Norden. Kvart år løyser vi tusenvis av små og store oppdrag for private og offentlege kundar, innan blant anna bygg og eigedom, samferdsel, arkitektur, fornybar energi, vatn og avløp, industri, sikkerheit, miljø og IT.

Kontaktpersoner

Lars-Idar Vegsund
Avdelingsleder Kontor
Telefonnummer: 45404686

Hvem er Norconsult?

Norconsult AS er med sine 5300 ansatte Norges største flerfaglige rådgiver rettet mot samfunnsplanlegging og prosjektering. Vi leverer tjenester nasjonalt og internasjonalt knyttet til bygg og eiendom, energi, industri, miljø, olje og gass, samferdsel, samfunnsplanlegging, sikkerhet og vann og avløp. Selskapet som er eid av de ansatte har hovedkontor i Sandvika og mer enn 96 andre kontorer i Norge og utlandet.

Les mer om Norconsult og se flere ledige stillinger