Norconsult Sogn og Fjordane søkjer erfaren ingeniørgeolog!

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 30. mars, 2020. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

Er du vår nye medarbeidar?

Ingeniørgeologimiljøet i Norconsult omfattar kring 35 sivilingeniørar, dei fleste lokalisert ved hovudkontoret i Sandvika og i Trondheim. Vi vil styrke geomiljøet lokalt og på  Vestlandet og søkjer deg som vil vere med på vidare oppbygging av ei brei geofagleg gruppe i regionen. Geo-gruppa i Region Vest tel i dag 13 medarbeidarar og omfattar ingeniørgeologar, geoteknikarar og miljøgeologar. Per i dag har vi to geoteknikarar og ein ingeniørgeolog i Sogndal, ein geoteknikar på Sandane.

Norconsult Sogn og Fjordane har kontor i Førde, Sogndal, Årdal og på Sandane med over 60 medarbeidarar totalt. Vi utfører tenester innan samfunns- og arealplanlegging, veg- og trafikk, landskapsarkitektur, VA, elektro, VVS, landmåling, geoteknikk, ingeniørgeologi, industri/maskin, konstruksjon, bygg- og anlegg og prosjektadministrasjon. Hjå oss møter du engasjerte kollegaer, frå unge nyutdanna til erfarne seniorar med brei kompetanse og stort nettverk i bransjen.

Vi søkjer etter motivert og dyktig sivilingeniør innan ingeniørgeologi,  gjerne med erfaring frå rådgjevarbransjen, og med så mykje erfaring at du kan utføre oppgåver som nemnt nedanfor på ein sjølvstendig og god måte.

Dine arbeidsoppgåver vil vere:

  • Prosjekt- og oppdragsleiing samt fagansvar i tverrfaglege oppdrag i alle prosjektfasar
  • Ingeniørgeologisk prosjektering, som til dømes sikring av tunnelar/bergrom og  ras/skredsikring i tilknyting til planarbeid og anleggsdrift for offentlege og private aktørar.  
  • Skredfarevurderingar og risikoanalysar for arealplanarbeid og byggeprosjekt
  • Utarbeiding av spesifikasjonar og konkurransegrunnlag
  • Synfaringar og oppfølging på byggjeplass
  • Samarbeid og kontakt med interne og eksterne aktørar
  • Kundeoppfølging, marknadsføring og sal/tilbodsarbeid

For oss er det viktig at du:

  • Har eit fagleg engasjement og god fagleg forankring
  • Er kreativ, løysingsorientert med analytiske evner
  • Tek initiativ, er målretta og resultatorientert
  • Er fleksibel og ansvarsbevisst
  • Er sjølvstendig, men likar å arbeide med menneske og fungerer godt i team – ein god relasjonsbyggjar
  • Er flink til å formulere deg munnleg og skriftleg på norsk
  • Er innstilt på å ha heile Vestlandet som din arbeidsarena
  • Erfaring og ferdigheiter i bruk av relevante dataverktøy

Hjå oss får du:

  • Spennande kompetansehevings- og karrieremogelegheiter innan marknad, fag, linje og oppdrag
  • Verdibasert samfunnsplanlegging med fokus på framtidsretta og berekraftige løysingar
  • Sterk bedriftskultur og godt arbeidsmiljø prega av uformelle kommunikasjonslinjer på tvers av organisasjon og geografi
  • Eige fora for yngre medarbeidarar med direkte tilgang til toppleiinga i konsernet (Yngres Råd)
  • Ordning for deling av overskotet der alle tilsette får direkte utbytte av resultatet i selskapet
  • Eigarskap i Norges største tverrfaglege rådgjevarbedrift
  • Gode løns- og arbeidsvilkår
  • Fleksibel arbeidstid
  • Studieturar, interne fagsamlingar/fagnettverk, ulike sosiale arrangement, bedriftshytter mv

Vi gjer merksam på at det berre er elektroniske søknadar som vil bli handsama.

Kontaktpersoner

Tone Kristin Myklebust Kvåle
Kontorleder
Telefonnummer: 95807509

Hvem er Norconsult?

Norconsult AS er med sine 4000 ansatte Norges største flerfaglige rådgiver rettet mot samfunnsplanlegging og prosjektering. Vi leverer tjenester nasjonalt og internasjonalt knyttet til bygg og eiendom, energi, industri, miljø, olje og gass, samferdsel, samfunnsplanlegging, sikkerhet og vann og avløp. Selskapet som er eid av de ansatte har hovedkontor i Sandvika og mer enn 96 andre kontorer i Norge og utlandet.

Les mer om Norconsult og se flere ledige stillinger