Norconsult Sogn og Fjordane søker sivilingeniør/ingeniør innan vatn og avløp!

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 30. mars, 2020. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

Vil du bli ein del av Norges største rådgjevarmiljø innan vatn, avløp og overvasshandtering?

Norconsult har kompetansen som gjev sikker vassforsyning, og miljøtilpassa og effektive avløps- og overvassløysingar som tar høgde for framtidige klimaendringar.

På landsbasis har Norconsult det største rådgjevarmiljøet innan vatn- og avløpsteknikk, med over 250 medarbeidarar. Norconsult Sogn og Fjordane har 6 dyktige VA-ingeniørar, og kontoret ønskjer å styrke VA-miljøet ytterlegare.

Norconsult Sogn og Fjordane har kontor i Førde, Sogndal, Årdal og på Sandane, med over 60 medarbeidarar totalt. Vi utfører tenester innan samfunns- og arealplanlegging, veg- og trafikk, landskapsarkitektur, VA, elektro, VVS, landmåling, geoteknikk, industri/maskin, ingeniørgeologi, miljø, konstruksjon, bygg- og anlegg og prosjektadministrasjon.

Hjå oss møter du engasjerte kollegaer, frå unge nyutdanna til erfarne seniorar med brei kompetanse og stort nettverk i bransjen.

Vi har store og små oppdrag for både offentlege og private byggherrar. Vi arbeider i alle prosjektfasar – frå tidleg planleggingsfase til detaljprosjektering og oppfølging i byggje- og anleggsfasen. Oppdraga omfattar  alle typar vassforsynings-, avløps- og overvassanlegg.

Vi søkjer etter motivert og dyktig ingeniør/sivilingeniør innan VA- teknikk, gjerne frå rådgjevarbransjen. Ønskjeleg med erfaring frå prosjektering av VA-anlegg.

Dine arbeidsoppgåver vil vere:

  • Planlegging og prosjektering av vatn-, avløps- og overvassanlegg i alle prosjektfasar
  • Utarbeiding av konkurransegrunnlag og kostnadsoverslag
  • Bruk av DAK/BIM-verktøy, visualiserings- og innsynsmodellar
  • Oppdragsleiing i einfaglege og tverrfaglege oppdrag
  • Oppfølging på byggeplass
  • Kundeoppfølging, marknadsføring og sal/tilbodsarbeid

For oss er det viktig at du:

  • Har eit fagleg engasjement
  • Er kreativ, løysingsorientert og ønskjer fagleg utvikling
  • Tek initiativ, er målretta og resultatorientert
  • Er fleksibel og ansvarsbevisst
  • Er sjølvstendig, men likar å arbeide med menneske og fungerer godt i team – ein god relasjonsbyggjar
  • Er flink til å formulere deg munnleg og skriftleg på norsk
  • Har erfaring med 3D-modellering og BIM

Hjå oss får du:

  • Spennande kompetansehevings- og karrieremogelegheiter innan marknad, fag, linje og oppdrag
  • Verdibasert samfunnsplanlegging med fokus på framtidsretta og berekraftige løysingar
  • Sterk bedriftskultur og godt arbeidsmiljø prega av uformelle kommunikasjonslinjer på tvers av organisasjon og geografi
  • Eige fora for yngre medarbeidarar med direkte tilgang til toppleiinga i konsernet (Yngres Råd)
  • Ordning for deling av overskotet der alle tilsette får direkte utbytte av resultatet i selskapet
  • Eigarskap i Norges største tverrfaglege rådgjevarbedrift
  • Gode løns- og arbeidsvilkår
  • Fleksibel arbeidstid
  • Studieturar, interne fagsamlingar/fagnettverk, ulike sosiale arrangement, bedriftshytter mv

Vi gjer merksam på at det berre er elektroniske søknadar som vil bli handsama.

Kontaktpersoner

Tone Kristin Myklebust Kvåle
Kontorleder
Telefonnummer: 95807509

Hvem er Norconsult?

Norconsult AS er med sine 4000 ansatte Norges største flerfaglige rådgiver rettet mot samfunnsplanlegging og prosjektering. Vi leverer tjenester nasjonalt og internasjonalt knyttet til bygg og eiendom, energi, industri, miljø, olje og gass, samferdsel, samfunnsplanlegging, sikkerhet og vann og avløp. Selskapet som er eid av de ansatte har hovedkontor i Sandvika og mer enn 96 andre kontorer i Norge og utlandet.

Les mer om Norconsult og se flere ledige stillinger