Norconsult i Sogn og Fjordane søkjer erfaren sivilingeniør/ingeniør konstruksjonsteknikk!

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 11. april, 2019. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

Stillingsbeskrivelse

Norconsult i Sogn og Fjordane har kontor i Førde, Sogndal og Årdal. Vi utfører tenester innan samfunns- og arealplanlegging, veg- og trafikk, landskapsarkitektur, VA, elektro, VVS, landmåling, geoteknikk, industri/maskin, konstruksjon, bygg- og anlegg og prosjektadministrasjon.

Vi har i dag kring 60 medarbeidarar i Sogn og Fjordane, der bygg/konstruksjonsteknikkgruppa utgjer det største fagmiljøet vårt med i alt 15 medarbeidarar i fylket. Hjå oss møter du engasjerte kollegaer, frå unge nyutdanna til erfarne seniorar med brei kompetanse og stort nettverk i bransjen.

Vi har for tida stor oppdragsmengde og søkjer sivilingeniør/ingeniør med minimum 5 – 10 års erfaring innan bygg og konstruksjonsteknikk. Det er ønskjeleg at du har erfaring frå rådgjevar- og/eller entreprenørverksemd.

Stillinga vil by på store moglegheiter for fagleg og personleg utvikling i eit sterkt kompetansemiljø. Oppdraga spenner frå utviklingsfasar via skisse- og forprosjekt til detaljprosjektering og FDV-dokumentasjon. Spennande oppgåver ligg framfor oss, særleg knytt store oppdrag som prosjektering av nye Førde sentralsjukehus.

Vi ønskjer primært tilsetting ved Førde-kontoret vårt, men både Sogndal og Årdal er aktuelle kontorstader.

Er du vår nye medarbeidar?

Dine arbeidsoppgåver vil vere:

  • Planlegging og prosjektering av konstruksjonar innan bygg og anlegg
  • Analysar, dimensjonering, modellering med varierte arbeidsoppgåver i ulike fasar av prosjekt.
  • Utarbeiding av konkurransegrunnlag og kostnadsoverslag
  • Bruk av DAK/BIM-verktøy, visualiserings- og innsynsmodellar
  • Tverrfagleg koordinering
  • Oppdragsleiing og oppfølging på byggeplass
  • Kundeoppfølging, marknadsføring og sal/tilbodsarbeid
  • Arbeidsoppgåvene kan tilpassast interesser og kvalifikasjonar.

For oss er det viktig at du:

  • Har eit fagleg engasjement
  • Har gode evner og interesse innan statikk og konstruksjonsfag
  • Har erfaring med verktøy for analysar og dimensjonering
  • Har erfaring med 3D-modellering og BIM
  • Er kreativ, løysingsorientert og ønskjer fagleg utvikling
  • Tek initiativ, er målretta og resultatorientert
  • Er fleksibel og ansvarsbevisst
  • Er sjølvstendig, men likar å arbeide med menneske og fungerer godt i team – ein god relasjonsbyggjar
  • Har gode samarbeidsevner
  • Er flink til å formulere deg munnleg og skriftleg på norsk

Hjå oss får du:

  • Spennande kompetansehevings- og karrieremogelegheiter innan marknad, fag, linje og oppdrag
  • Verdibasert samfunnsplanlegging med fokus på framtidsretta og berekraftige løysingar
  • Sterk bedriftskultur og godt arbeidsmiljø prega av uformelle kommunikasjonslinjer på tvers av organisasjon og geografi
  • Eige fora for yngre medarbeidarar med direkte tilgang til toppleiinga i konsernet (Yngres Råd)
  • Ordning for deling av overskotet der alle tilsette får direkte utbytte av resultatet i selskapet
  • Eigarskap i Norges største tverrfaglege rådgjevarbedrift
  • Gode løns- og arbeidsvilkår
  • Fleksibel arbeidstid
  • Studieturar, interne fagsamlingar/fagnettverk, ulike sosiale arrangement, bedriftshytter mm.

Vi gjer merksam på at det berre er elektroniske søknadar som vil bli handsama.

Norconsult er Norges største rådgjevarbedrift. Våre tenester er retta mot samfunnsplanlegging, prosjektering og arkitektur. Selskapet er eigd av våre over 3800 tilsette som er stasjonert på 96 kontor i heile verda. Hovudkontoret ligg i Sandvika utanfor Oslo.

Kontaktpersoner

Lars-Idar Vegsund
Avdelingsleder Kontor
Telefonnummer: 45404686

Hvem er Norconsult?

Norconsult AS er med sine ca. 3500 ansatte Norges største flerfaglige rådgiver rettet mot samfunnsplanlegging og prosjektering. Vi leverer tjenester nasjonalt og internasjonalt knyttet til bygg og eiendom, energi, industri, miljø, olje og gass, samferdsel, samfunnsplanlegging, sikkerhet og vann og avløp. Selskapet som er eid av de ansatte har hovedkontor i Sandvika og mer enn 80 andre kontorer i Norge og utlandet.

Les mer om Norconsult og se flere ledige stillinger