Norconsult i Sogn og Fjordane søkjer erfaren prosjektleiar/prosjekteringsleiar!

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 11. april, 2019. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

Stillingsbeskrivelse

Norconsult har eit stort miljø innan prosjektadministrative tenester i Norge med ca 200 medarbeidarar. Vi dekkar alle tenester innanfor fagområdet.

Norconsult i Sogn og Fjordane har kontor i Førde, Sogndal og Årdal med kring 60 medarbeidarar. Vi utfører tenester innan samfunns- og arealplanlegging, veg- og trafikk, landskapsarkitektur, VA, elektro, VVS, landmåling, geoteknikk, industri/maskin, konstruksjon, bygg- og anlegg og prosjektadministrasjon. Hjå oss møter du engasjerte kollegaer, frå unge nyutdanna til erfarne seniorar med brei kompetanse og stort nettverk i bransjen.

Vi søkjer etter dyktig sivilingeniør eller ingeniør med minst 5-10 års relevant erfaring innan prosjekt- og prosjekteringsleiing.

Vi har i dag fleire personar som jobbar fulltid med prosjektadministrasjon i fylket, og fleire utfører prosjektadministrative tenester som del av sine oppdrag.Vi har for tida stor oppdragsmengde og søkjer prosjekt- og prosjekteringsleiar som kan leie våre tverrfaglege oppdrag innan bygg- og eigedom, i tillegg til å bistå dei offentlege og private kundane våre som deira prosjektleiar. Rolla kan tilpassast kvalifikasjonar, og byggjeleiarar oppfordrast også til å søkje. Vi kan tilby utfordrande oppgåver som gir gode karrieremoglegheiter.

Vi ønskjer primært tilsetting i Førde, men andre kontorstadar i Sogn og Fjordane kan vere aktuelle.

Er du vår nye medarbeidar?

Dine arbeidsoppgåver vil vere:

  • Prosjekt- og prosjekteringsleiing
  • Leie tverrfaglege oppdrag i Norconsult
  • Rådgiving og anskaffingar for private og offentlege byggherrar
  • Marknadsføring, sal og tilbodsarbeid
  • Byggjeleiing
  • Arbeidsoppgåvene kan tilpassast interesser og kvalifikasjonar

For oss er det viktig at du:

  • Har eit fagleg engasjement og god fagleg forankring
  • Har erfaring frå rådgjevar- og/eller entreprenørverksemd
  • Erfaring i bruk av tradisjonelle dataverktøy
  • Tek initiativ, er målretta og resultatorientert
  • Er fleksibel og ansvarsbevisst
  • Er sjølvstendig, men likar å arbeide med menneske og fungerer godt i team – ein god relasjonsbyggjar
  • Har god lokal marknadskontakt
  • Er flink til å formulere deg munnleg og skriftleg på norsk

Hjå oss får du:

  • Spennande kompetansehevings- og karrieremogelegheiter innan marknad, fag, linje og oppdrag
  • Verdibasert samfunnsplanlegging med fokus på framtidsretta og berekraftige løysingar
  • Sterk bedriftskultur og godt arbeidsmiljø prega av uformelle kommunikasjonslinjer på tvers av organisasjon og geografi
  • Eige fora for yngre medarbeidarar med direkte tilgang til toppleiinga i konsernet (Yngres Råd)
  • Ordning for deling av overskotet der alle tilsette får direkte utbytte av resultatet i selskapet
  • Eigarskap i Norges største tverrfaglege rådgjevarbedrift
  • Gode løns- og arbeidsvilkår
  • Fleksibel arbeidstid
  • Studieturar, interne fagsamlingar/fagnettverk, ulike sosiale arrangement, bedriftshytter mm.

Vi gjer merksam på at det berre er elektroniske søknadar som vil bli handsama.

Norconsult er Norges største rådgjevarbedrift. Våre tenester er retta mot samfunnsplanlegging, prosjektering og arkitektur. Selskapet er eigd av våre over 3800 tilsette som er stasjonert på 96 kontor i heile verda. Hovudkontoret ligg i Sandvika utanfor Oslo.

Kontaktpersoner

Lars-Idar Vegsund
Avdelingsleder Kontor
Telefonnummer: 45404686

Hvem er Norconsult?

Norconsult AS er med sine ca. 3500 ansatte Norges største flerfaglige rådgiver rettet mot samfunnsplanlegging og prosjektering. Vi leverer tjenester nasjonalt og internasjonalt knyttet til bygg og eiendom, energi, industri, miljø, olje og gass, samferdsel, samfunnsplanlegging, sikkerhet og vann og avløp. Selskapet som er eid av de ansatte har hovedkontor i Sandvika og mer enn 80 andre kontorer i Norge og utlandet.

Les mer om Norconsult og se flere ledige stillinger