Norconsult i Sogn og Fjordane søkjer erfaren elektroingeniør!

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 11. april, 2019. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

Stillingsbeskrivelse

Norconsult sitt miljø innan elektroteknikk utgjer i dag omlag 200 sivilingeniørar og ingeniørar i Noreg.

Norconsult i Sogn og Fjordane har kontor i Førde, Sogndal og Årdal. Vi utfører tenester innan samfunns- og arealplanlegging, veg- og trafikk, landskapsarkitektur, VA, elektro, VVS, landmåling, geoteknikk, industri/maskin, konstruksjon, bygg- og anlegg og prosjektadministrasjon.

Vi har i dag kring 60 medarbeidarar i Sogn og Fjordane, der 3 elektroingeniørar saman med 8 VVS ingeniørar utgjer ei sterk TS-gruppe lokalt i fylket. Hjå oss møter du engasjerte kollegaer, frå unge nyutdanna til erfarne seniorar med brei kompetanse og stort nettverk i bransjen.

Vi søkjer etter dyktig sivilingeniør eller ingeniør med minst 5-10 års relevant erfaring innan elektro- og byggautomasjonsteknikk frå rådgjevar- eller entreprenørbransje. Fagbrev som elektromontør el.l i tillegg er eit pluss.

Vi søkjer deg som er interessert i å vere med å byggje opp eit elektromiljø i vekst. Spennande oppgåver ligg framfor oss, særleg knytt store oppdrag som prosjektering av nye Førde sentralsjukehus. Stillinga vil by på store moglegheiter for fagleg og personleg utvikling i eit sterkt kompetanse miljø. Vi ønskjer primært tilsetting i Førde, men andre kontorstadar i Sogn og Fjordane kan vere aktuelle.

Er du vår nye medarbeidar?

Dine arbeidsoppgåver vil vere:

  • Planlegging og prosjektering av elektro-installasjonar i bygg og anlegg, eventuelt infrastruktur anlegg
  • Automatisering og instrumentering i alle typar bygg og anlegg
  • Modellering og varierte arbeidsoppgåver i ulike fasar av prosjekt.
  • Utarbeiding av konkurransegrunnlag og kostnadsoverslag
  • Bruk av DAK/BIM-verktøy, visualiserings- og innsynsmodellar
  • Tverrfagleg koordinering
  • Oppdragsleiing og oppfølging på byggeplass
  • Kundeoppfølging, marknadsføring og sal/tilbodsarbeid

For oss er det viktig at du:

  • Har eit fagleg engasjement
  • Er kreativ, løysingsorientert og ønskjer fagleg utvikling
  • Tek initiativ, er målretta og resultatorientert
  • Er fleksibel og ansvarsbevisst
  • Er sjølvstendig, men likar å arbeide med menneske og fungerer godt i team – ein god relasjonsbyggjar
  • Er flink til å formulere deg munnleg og skriftleg på norsk
  • Har erfaring med 3D-modellering og BIM

Hjå oss får du:

  • Spennande kompetansehevings- og karrieremogelegheiter innan marknad, fag, linje og oppdrag
  • Verdibasert samfunnsplanlegging med fokus på framtidsretta og berekraftige løysingar
  • Sterk bedriftskultur og godt arbeidsmiljø prega av uformelle kommunikasjonslinjer på tvers av organisasjon og geografi
  • Eige fora for yngre medarbeidarar med direkte tilgang til toppleiinga i konsernet (Yngres Råd)
  • Ordning for deling av overskotet der alle tilsette får direkte utbytte av resultatet i selskapet
  • Eigarskap i Norges største tverrfaglege rådgjevarbedrift
  • Gode løns- og arbeidsvilkår
  • Fleksibel arbeidstid
  • Studieturar, interne fagsamlingar/fagnettverk, ulike sosiale arrangement, bedriftshytter mv

Vi gjer merksam på at det berre er elektroniske søknadar som vil bli handsama.

Norconsult er Norges største rådgjevarbedrift. Våre tenester er retta mot samfunnsplanlegging, prosjektering og arkitektur. Selskapet er eigd av våre over 3800 tilsette som er stasjonert på 96 kontor i heile verda. Hovudkontoret ligg i Sandvika utanfor Oslo.

Kontaktpersoner

Lars-Idar Vegsund
Avdelingsleder Kontor
Telefonnummer: 45404686

Hvem er Norconsult?

Norconsult AS er med sine ca. 3500 ansatte Norges største flerfaglige rådgiver rettet mot samfunnsplanlegging og prosjektering. Vi leverer tjenester nasjonalt og internasjonalt knyttet til bygg og eiendom, energi, industri, miljø, olje og gass, samferdsel, samfunnsplanlegging, sikkerhet og vann og avløp. Selskapet som er eid av de ansatte har hovedkontor i Sandvika og mer enn 80 andre kontorer i Norge og utlandet.

Les mer om Norconsult og se flere ledige stillinger