Nettverkskonsulent

100 % fast - IKT - Seksjon Stab

Stillingsbeskrivelse

Omtale av stillinga

IKT avdelinga er organisert under Seksjon Stab. Avdelinga driftar nettverk og infrastruktur på over 100 ulike lokasjonar i heile organisasjonen.
Avdelinga driftar ulike system for kommunen sine vel 1200 tilsette og 1665 elevar.

Digitalisering og teknisk utvikling er satsingsområde for kommunen. Kommunen har ein solid infrastruktur og eit samansett IKT-miljø med høg fokus på sentralisering av tenester og bruk av eigen kompetanse.
Som eit ledd i stadig aukande digital utvikling finn me det naudsynt å styrkja bemanninga på avdelinga vår.

Me søkjer

Ein ny kollega som kan ta på seg oppgåver og ansvar innafor:

  • Drift, support, installasjon, analyse, feilretting og vedlikehald av nettverk og infrastruktur for IKT/sikkerheit
  • Prosjektdeltaking og prosjektleiing
  • Arbeid med ny teknologi og utvikla IKT-løysingane våre
  • Andre oppgåver innan IKT avdelinga

IKT-avdelinga har etablert 24/7/365 vaktordning for kritiske system. Den som vert tilsett vil bli vurdert/må pårekna å inngå i denne vaktordninga.

Kvalifikasjonar

  • God kompetanse på trådlaus teknologi og infrastruktur
  • God kjennskap til nettverksteknologi (switching, routing, brannmur, NGFW)
  • CCNA-sertifisering eller tilsvarende
  • Kjennskap til ulike IKT-løysingarr
  • Kjennskap til og erfaring med Linux
  • Minimum 3-5 års erfaring frå konsulentarbeid innan nettverk/sikkerheit
  • Generell kompetanse knytt til IKT infrastruktur, forståing for klient/server, nettverk og systemforvaltning
  • IKT utdanning frå høgskule/universitet.
  • Relevant erfaring kan i nokre tilfelle kompensera for manglande formell kompetanse
  • Førarkort

Personlege eigenskaper

Me treng ein kollega som er sjølvstendig, som har stor gjennomføringsevne, som klarar å fullføra oppgåvene avdelinga har ansvar for, og som ser og jobbar etter dei overordna måla for organisasjonen.

Me ynskjer oss at du har fagleg tyngde og ro til å kunna håndtera dei mange ulike situasjonar som oppstår i arbeidskvardagen vår. Mange av oppgåvene på avdelinga krev også at me deler kompetanse og erfaringar internt, derfor er det viktig at du har ei positiv haldning og trivest med å hjelpa og bistå andre.

Vi tilbyr

  • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
  • Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
  • Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
  • Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.

Søknad vert å senda

Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.

Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.

Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova § 10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.

Kontaktpersoner

Gunn Berit Sandnes Fosse
Seksjonsleiar
Mobil: 97024282
Ronny Raudstein
IT leiar
Mobil: 48996211

Hvem er Kvinnherad kommune?

Kvinnherad kommune har 13.200 innbyggjarar.

Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjærgard, fjell og bre.

Seksjon stab er lokalisert i Rådhuset i Rosendal. Seksjonen har avdelingane Økonomi, Informasjon, IKT som har kvar sine avdelingsleiarar.

Økonomiavdelinga er todelt: Budsjett og analyse jobbar konkret med økonomi og budsjettstyring for heile organisasjonen, medan økonomi elles har ansvar for skatteoppkrevjar, rekneskap, faktura, ehandel.

Informasjonsavdeling med Innbyggjarservice er: Publikumsmottak, sentralbord, arkiv, dokumentsenter, politisk sekretariat, informasjon, heimeside. Merkantil ressurs for heile kommunen.

IKT avdeling: Support og drift av IT system, telefoni og nett.

Seksjon stab har 43 tilsette med økonomisk/administrativ utdanning eller it-utdanning.