Nettverksingeniør

Stillingsbeskrivelse

 Om stillinga 

Vi er på jakt etter deg som er engasjert, tar initiativ og har lyst å utvikle deg vidare i ein spennande bransje. Du er fagleg dyktig, resultatorientert og flink til å samarbeide med andre. Stillinga er fast og inngår i team Teknisk drift, som består av 6 personar. Teknisk drift er plassert under avd. Nett og tenester med totalt 12 tilsette. Vi oppmodar også nyutdanna til å søke på stillinga.

Arbeidsoppgåver:

  • Utvikling, drift, konfigurering og planlegging av datakommunikasjonsløysingar for internett, IP-VPN, multicast/IPTV
  • Planlegging, konfigurering og levering av ruterar, svitsjar, kundeutstyr mm
  • Delta i Enivest si vaktordning for beredskap og nettovervaking

Ønska kompetanse/kvalifikasjonar innan eit eller fleire av desse områda:

  • Høgare teknisk utdanning (ing./siv.ing). Relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning
  • Fordel med kjennskap til Cisco IOS, IOS XR, MPLS, BGP, Multicast, IPv4 og IPv6.
  • Optisk transport
  • Kompetanse eller erfaring med sikkerheit og drift av store nettverk
  • Interesse for å utvikle deg innan nye teknologiar
  • Linux/UNIX kompetanse
  • Script- og programmeringskunnskap
  • Førarkort klasse B (reiseverksemd må påreknast)

Enivest tilbyr:

  • Konkurransedyktige vilkår
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Gode moglegheiter for fagleg/personleg utvikling
  • Hektiske og spennande arbeidsdagar i eit kjekt miljø 

Send søknad med CV merkast "Jobbsøknad Nettverksingeniør" til; jobbsoknad@enivest.no

Kontaktpersoner

Ole Marius Nes
Driftsansvarleg
Telefonnummer: 934 18 372
Roger Saugestad
Nettsjef/CTO
Telefonnummer: 970 54 378

Hvem er Enivest?

Enivest AS er eit breibandsselskap i sterk positiv utvikling som arbeider aktivt med integrasjon av ulike tenester innanfor internett, datakommunikasjon, TV, lagringsteneste, telefoni med meir. Vi er 50 tilsette fordelt på hovudkontor i Førde og avdelingskontor på Sandane. Målt etter tal kundar og omsetnad er Enivest AS den største IKT verksemda i Sogn og Fjordane.