Naturvitar

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 18. februar, 2018. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

I Rogaland er det mange samferdselsprosjekt, mellom anna i Bussveien, Bypakke Nord-Jæren og Haugalandspakken. Statens vegvesen har ansvar for planlegging og prosjektering av desse prosjekta, og treng dyktige fagfolk for å møte den auka arbeidsmengda. Vil DU vera med og utvikla samferdselsnettet i regionen?

På Ressursavdelinga har vi ledig stilling som naturvitar ved Planseksjonen i Stavanger. Er du samfunnsengasjert og ønskjer å bruke din kompetanse til å påverke val og utforming av vegprosjekt, kan vi by på mange utfordringar.

Planseksjonen har ansvar for å leie planlegginga av store og små investeringsprosjekt i Region vest. Prosjekta varierer frå store veganlegg på riks- og fylkesvegnettet til bygateprosjekt, miljøgateprosjekt, gang- og sykkelvegtiltak, trafikksikringstiltak, støyskjerming, miljøtiltak m.a. Planseksjonen i Stavanger er eit samla fagmiljø med over 50 medarbeidarar med kompetanse innan planprosjektleiing, vegplanlegging, landskap og arkitektur, arealplanlegging, natur- og kulturmiljø.

 

Arbeidsoppgåver kan vere:

  • fagansvarleg naturmangfald og naturressursar
  • utarbeide reguleringsplaner og kommunedelplaner
  • utarbeide konsekvensutgreiingar for vegprosjekt
  • utarbeide og følgje opp plan for ytre miljø i byggjeplan- og byggjefasen

 

Kvalifikasjonskrav:

  • utdanning frå høgskule eller universitet på ingeniør- eller bachelornivå, min. 3 år, med naturvitskapeleg utdanning innan biologi, landskapsøkologi, naturforvaltning, miljø eller agronomi
  • minimum 2 år relevant erfaring knytt til naturmangfald og/eller naturressursar
  • erfaring med planlegging etter Plan- og bygningslova

 For kandidatar med omfattande relevant erfaring, og som er spesielt godt eigna for stillinga, kan ein fråvike kvalifikasjonskravet.

 

Det er vidare ønskjeleg at du har:

  • kjennskap til normalar, retningslinjer og forskrifter, arealplanlegging, konsekvensutgreiing og offentleg forvaltning
  • evne til å styre, koordinere og samordne oppgåver
  • vilje til å gjennomføre oppgåver
  • gode kommunikasjonsevner, munnleg og skriftleg
  • evne til å tenkje nytt og ha ein heilskapleg perspektiv
  • evne til å prioritere og skifte raskt mellom fleire ulike prosjekt og oppgåver

 

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og kompetent fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt.

Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår. 

 

Søknad

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og våre tilsette  skal spegle samfunnet. Vi vil tilpasse arbeidshøva dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Meir informasjon om stillinga og arbeidsoppgåvene kan du få ved å kontakte seksjonsleiar Linda Karlsen Longfjeld, linda.longfjeld@vegvesen.no eller mobil 92240413.

Hvem er Statens vegvesen?

Statens vegvesen arbeider for at både gående, syklende, kjørende og kollektivreisende skal komme trygt fram. Vi planlegger, bygger, drifter og vedlikeholder riks- og fylkesveger og har tilsyn med kjøretøy og trafikanter. Som fylkeskommunenes og statens vegadministrasjon bidrar vi med faglig grunnlag for politiske beslutninger og setter dem ut i livet. Vi er en stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidere med bred kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regioner.

Les mer om Statens vegvesen og se flere ledige stillinger