Miljørådgivar

Stillingsbeskrivelse

Senteret for utbygging i Kabelvåg har nasjonale oppgåver og har per i dag 17 tilsette. Hovudoppgåva er prosjektering og gjennomføring av utbyggingstiltak i farleier i heile landet. Senteret har spesialkompetanse på høgt nivå innan anleggsteknikk, kontraktsadministrasjon, prosjekt- og byggeleiing, miljø, samt kvalitetssikring og SHA. 

Som ein av to miljørådgivarar ved senteret for utbygging får du ansvar for å støtte med miljøfagleg rådgjeving i alle fasar av utbyggingsprosjekt i marint miljø, ivareta ytre miljø, koordinering av eksterne ressursar, gjennomføring av søknadsprosessar, o.a. 

Stillinga er nyoppretta for å auke miljøkompetansen ved avdelinga og skal bidra til at avdelinga tar i vare miljø og klima på best mogleg måte under gjennomføring av pålagte oppgåver og prosjekter. Du skal bidra til å utvikle fagområdet slik at Kystverket kan være ein leiande etat innan ivaretaking av det marine miljøet.

Noko reising må påreknast, både i forbindelse med pågåande prosjekter, og for å representere Kystverket i nasjonale og internasjonale forum og fagnettverk. 

Arbeidsoppgåver

  • Rådgjeving i alle fasar av utbyggingsprosjekter i marint miljø, ivareta ytre miljø, koordinering av eksterne ressursar, gjennomføring av søknadsprosessar o.a.  
  • Planlegging og gjennomføring av FoU-prosjekter tilknytt miljø, miljøkrav, vannkvalitet og forureining
  • Arbeid med klimatilpassing og reduksjon av klimagassutslipp frå Kystverkets anleggsprosjekter
  • Ansvar for ivaretaking av marint miljø i store og utfordrande prosjekt, utstrakt kontakt med myndigheiter og tett oppfølging av entreprenør 
  • Deltaking i faglege nettverk, fora og arbeidsgrupper på vegne av Kystverket
  • Andre oppgåver kan tilleggast  

Kvalifikasjonar

  • Minimum 5 års utdanning innan miljøfagleg retning  
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • Relevant erfaring frå offentleg verksemd, rådgjevingskontor eller entreprenørverksemd er ein fordel
  • Nyutdanna blir oppmoda om å søke på stillinga

Personlege eigenskapar

  • Ansvarsbevisst, sjølvstendig og strukturert
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevnar med evne til å jobbe tverrfagleg
  • Framtidsretta, engasjert og påliteleg
  • Ønskje om fagleg utvikling og bygge relasjonar og faglege nettverk

Vi tilbyr

  • Utfordrande, interessante og varierte arbeidsoppgåver
  • Eit kollegialt og utviklande fagmiljø
  • Gode velferdsordningar
  • Fleksibel arbeidstid
  • Kystverket er ei IA-bedrift
  • Arbeidsstad i naturskjønne Lofoten
  • Gode moglegheiter for etter- og vidareutdanning
  • Pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • Stillinga vert plassert i st.kode 1434/1364 som rådgivar/seniorrådgivar iht. Kystverkets lønnspolitiske plan. Startlønn frå kr 552 800 (ltr 62), til kr 723 200 (ltr 76), avhengig av kvalifikasjonar og erfaring.  
  • Kystverket skal vere prega av mangfald og våre tilsette skal spegle befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke arbeid hos oss. 
  • Arbeidsstad for tida Kabelvåg

Det gjennomførast forsøk med anonyme søknadar i staten. Anonymiseringa av søknadar skal gjelde den første utsilingsfasen av aktuelle kandidatar som er aktuelle for intervju. Forsøket vert evaluert av Difi, som handsamar anonyme opplysningar om tilsettingsprosessen og det blir utarbeidd ein statistikk over resultatet av forsøket. Opplysningar om enkeltpersonar vil ikkje bli utlevert til andre i høve til forsøket og evalueringa, men reglane om innsyn i offentleg søkarliste og utvida søkarliste gjeld.

Kontaktpersoner

Fridtjof Wangsvik
Regiondirektør Nordland
Telefonnummer: 76069639/95791777
Jostein Bøhlerengen Moe
Avdelingsleiar
Telefonnummer: 995 79 002

Hvem er Kystverket?

Kystverket er ein nasjonal etat for kystforvalting, sjøsikkerheit og beredskap mot akutt forureining. Kystverket arbeider aktivt for ein effektiv og sikker sjøtransport gjennom å ivareta transportnæringas behov for framkome og effektive hamner. Kystverket driv førebyggande arbeid og reduserer skadeeffektane ved akutt forureining, og medverkar til ei bærekraftig utvikling av kystsona. Kystverket ligg under Samferdselsdepartementet.