Metocean Fagressurs

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 30. juni, 2021. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

Om stillinga

Komplekse konstruksjoner er ein seksjon som skal ivareta kompetansebehov innan brufaget og relaterte fagområder for alle store utbyggingsprosjekt i Statens vegvesen, og bistå dei ulike prosjekt i planlegging, prosjektering og bygging av bruer og andre konstruksjonar. Det er pr i dag 36 personar tilsett på seksjonen, med ei god geografisk spredning frå Bodø i nord og til Kristiansand i sør. Seksjonen er delt inn i fire faggrupper, Bruplanlegging, Risiko og RAMS, MetOcean og Konstruksjonsdynamikk. Denne stillinga vil tilhøyre MetOcean-gruppa.

Metocean-gruppa i SVV er ei spesialistgruppe som skal ivareta SVV sitt kompetansebehov innan fagområda meteorologi og oseanografi. Gruppa er ansvarleg for innsamling, modellering og analysering av metoceandata til bruk i design av konstruksjonar (miljølaster) og støtte i miljøutredningar.

Det er i dag fire tilsatte i gruppa som ligger under Komplekse konstruksjonar på Fagressurser Utbygging.

Arbeidsstad er fortrinnsvis Stavanger eller Bergen.

Søknadsfrist: 30 juni kl 1200

Arbeidsoppgåver

Dine arbeidsoppgåver vil blant anna vere:

  • Tilrettelegging og analysering av metoceandata for leveransar slik som metocean spesifikasjoner eller miljøutredninger
  • Utvikling og oppfølging av Metoceangruppas  datalagring og -delingsteneste.
  • Prosjektoppfølging av pågåande prosjekt og nye prosjekter
  • Utvikling av metodar og program for analysering av metoceandata samt utvikling og vedlikehald av metoceangruppas scriptpool.

Kvalifikasjonskrav

For stillinga krevst det relevant utdanning innan oseanografi, meteorologi, anvendt matematikk eller tilsvarande på minimum mastergradsnivå frå universitet eller høgskule. Du må ha minimum 2 års erfaring med analysering av meteorologiske og/eller oceanografiske data, samt erfaring med å utarbeide metocean spesifikasjoner. Det krevs også at du har erfaring med programmering, fortrinnsvis Python eller alternativt Matlab, i tillegg til erfaring med instrumentering, og da gjerne meteorologiske eller oceanografiske måleinstrumenter

Dersom du har tatt heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert omsetjing av papira dine og godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no)

Stillinga krev

  • at du er sjølvgåande
  •  har evne til å jobbe godt sjølvstendig og i team
  • at du er initiativrik og analytisk i arbeidet
  • gode kommunikasjonsevner på norsk og/eller engelsk

Stort engasjement og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidas løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver som gjer at du får utvikle deg både fagleg og personleg.

Vi tilbyr deg også desse fordelane:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • god pensjonsordning og moglegheit for lån i Statens pensjonskasse
  • interne studier og gode høve for fagleg påfyll

Løna di blir avtalt i samsvar med vår lønspolitikk.

Statens vegvesen meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ynskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, li vserfaring og perspektiv, for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som treng det.  Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV - en, eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalle inn minst éin søk ar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar frå desse gruppene, må du oppfylle visse krav. Viss du høyrer til ei av desse gruppene, oppfordrar vi deg til å melde frå om dette ved å krysse av for det i jobbsøkarportalen. Avkryssinga i jobbsøkarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk, som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine

Vi gjer merksam på at opplysningar om søknaden din kan bli offentliggjorde sjølv om du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste. Du vil bli varsla om dette.

Ønskjer du meir informasjon om stillinga?

Dersom du ynskjer meir informasjon om stillinga, ta kontakt med leiar for Komplekse konstruksjonar, Mathias Egeland Eidem mobil 92213446 eller fagkoordinator Øyvind Alexander Thiem på mobil 95868595.

Kontaktpersoner

Mathias Egeland Eidem
Telefonnummer: 92213446
Øyvind Alexander Thiem
Fagkoordinator
Mobil: 95868595

Hvem er Statens vegvesen?

Statens vegvesens leder an i utviklingen av et framtidsrettet, effektivt, miljøvennlig og trygt transportsystem. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.

Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet en tryggere, enklere og grønnere reisehverdag. 

Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjoner.

Les mer om Statens vegvesen og se flere ledige stillinger