Mediebruket søkjer trainee: webrådgjevar/marknadsførar

Webrådgjevar/marknadsførar

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 01. mars, 2020. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

Bli trainee 

Framtidsfylket Trainee er eit fylkesdekkjande traineeprogram for nyutdanna med arbeidsgjevarar frå ulike fagfelt i privat og offentleg sektor. Kva bedrifter som deltek i programmet varierer frå år til år.

Som trainee er du tilsett i ei bedrift i fylket. Denne jobben er basert på ei kontrakt mellom deg og bedrifta, og er elles uavhengig av traineeordninga. I bedrifta har du også ein mentor som skal følgje deg opp.

Fire gongar i løpet av traineeåret deltar du på faglege fellessamlinger – kvar gong på ein ny plass i fylket. Her møtest alle traineeane i dei ulike bedriftene. På samlingane har vi fokus på erfaringsutveksling frå jobbkvardagen, teambygging og andre tema som er nyttige når ein er ny i jobben. Eigenutvikling er ein sentral del av det å vere trainee. I tillegg legg vi vekt på at traineeane skal bli kjende med næringslivet i Sogn og Fjordane, samtidig som det sosiale og friluftsaktivitetar er ein viktig del av samlingane.

Vi legg òg opp til ein studietur til utlandet i april/mai. Dei siste fire åra har turen gått til Brussel for å studere relasjonar mellom Sogn og Fjordane og EU.

Blir du trainee hos oss, vil du ta del i Framtidsfylket sitt traineeprogram fra august 2020 til august 2021. 

Trainee i Mediebruket

Har du auge for kva som er ei god nettside? Veit du korleis ein best mogleg spreier ein bodskap digitalt, trekkjer interessentar til ei nettside, og får dei til å bli kundar? Då kan det hende du er vår neste trainee.

I Mediebruket har vi hatt suksess med traineeordninga tidlegare, og tilsette begge våre tidlegare traineear i faste stillingar. No er vi på ny jakt etter endå ein eller to dyktige medarbeidarar som kan tilføre oss meir kompetanse.

Stikkorda for det du skal jobbe mest med er marknadsføring av kva vi kan levere av nettsider og andre digitale tenester, både for Mediebruket og/eller for kundane våre, og å gje kundeservice.

Vi er ikkje på jakt etter ein webutviklar, heller ein person som har forståing for kva utviklarane våre kan utrette og som kan formidle dette til kundane våre. Og andre vegen: Gje råd til kundane våre, og omforme behova deira til konkrete bestillingar hos utviklarane våre. Erfaring som webredaktør er ingen ulempe, men det viktigaste er at du kan dokumentere kva du kan av sal og marknadsføring.

Mesteparten av inntektene våre kjem frå konsulenttenester innan webutvikling, og drift av nettløysingar til store og små verksemder. Desse skal du vere med og marknadsføre. I tillegg har vi nokre spennande tenester og produkt som er skalerbare, og som vi gjerne kan selje meir av.

Er dette noko du vil jobbe med, og du meiner du har ein kompetanse som vi treng i eit selskap i vekst, så ser vi med glede fram til søknaden din.

Mediebruket tilbyr

  • ein kickstart på karrieren der du raskt får eit stort nettverk og fagleg vidareutvikling.
  • eit inkluderande og fagleg lærerikt og sosialt miljø i PEAK Sunnfjord i Førde eller i  Bergen.Works.
  • høve til å forme din eigen karrierestige og vegen vidare for selskapet.
  • ansvar og utfordrande arbeidsoppgåver, der du får høve til å jobbe variert: både sjølvstendig og saman med kollegaer, samarbeidspartnarar og kundar.
  • konkurransedyktige lønsvilkår, fleksibel arbeidstid og -stad og ei rekkje greie frynsegoder som t.d. medlemskap på treningssenter og gratis lunsj.

Mediebruket søkjer

  • deg som helst har høgare utdanning og er god på marknadsføring og sal. Det tel også positivt om du har erfaring med nettsider og andre digitale tenester.

Du vil trivast hos Mediebruket om du

  • har godt humør.
  • likar å styre din eigen arbeidsdag.
  • er ryddig og strukturert.
  • torer å stille kritiske spørsmål.
  • er motivert for å arbeide innan dette fagfeltet.

Ønskjer du meir informasjon om denne stillinga kan du kontakte Arild. Og vil du vite meir om korleis det er å vere trainee står Oda klar til å svare. Sjå kontaktinfo på mediebruket.no/tilsette

Som Framtidsfylket Trainee får du

  • ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Sogn og Fjordane.
  • fagleg og personleg utvikling.
  • innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til.
  • fire traineesamlingar og ein utanlandstur.

Felles krav til alle som søkjer stilling som Framtidsfylket-trainee er

  • minimum bachelor eller mastergrad.
  • maksimalt tre års arbeidserfaring etter enda studium.
  • norsk som arbeidsspråk - munnleg og skriftleg.

Tilsetting: August 2020 til august 2021. Arbeidsstad: Førde og/eller Bergen.

Kom gjerne innom oss i PEAK Sunnfjord i Førde eller Bergen.Works.

NB: Alle traineestillingane må søkjast på gjennom Framtidsfylket. Dersom du ikkje har brukar kan du registrere deg her.

Kontaktpersoner

Arild Finne Nybø
Mediebruket
E-postadresse: arild@mediebruket.no
Oda Holmelid Sandvik
Mediebruket
E-postadresse: oda@mediebruket.no
Mobil: 908 05 051

Hvem er Framtidsfylket?

Mediebruket har sidan oppstarten i 2009 utvikla og driftar over 500 webapplikasjonar, frå dei enklaste nettsider til avanserte logistikk- og kundebehandlingssystem for kundar over heile landet. Vi er i dag åtte tilsette på kontora våre i PEAK Sunnfjord i Førde og Bergen.Works i Bergen. Selskapet har god økonomi. Men vi vil gjerne vekse meir på dei områda vi er best på, og utvidar derfor staben innan marknadsføring og kundeservice.