Analytikar - trafikksikkerheit

Stillingsbeskrivelse

Vi søkjer deg som er erfaren, nytenkjande og nysgjerrig til ei utfordrande stilling knytt til trafikksikkerhetseksjonen i Vegdirektoratet. Trafikksikkerheit er høgt prioritert i Statens vegvesen og fagfeltet har stor merksemd i samfunnet som heilskap.

Trafikksikkerhetsseksjonen i Vegdirektoratet har hovudansvaret for arbeidet med trafikksikkerheit i Statens vegvesen. I tillegg til å drifte og vedlikehalde statistikk og trafikksikkerheitsverktøy/berekningsmodellar, gjennomfører vi FoU-prosjekt og ulike trafikksikkerheitsanalysar, utarbeider metoderettleiingar og følger opp trafikksikkerheitsinnsatsen nasjonalt og regionalt. Seksjonen har mellom anna hovudansvaret for utarbeiding og oppfølging av Nasjonal tiltaksplan for trafikksikkerheit.

 

Ansvar og arbeidsoppgåver:

  • analysar av trafikksikkerheit - utgreiingsarbeid, FoU, analysar av ulykker
  • trafikksikkerheitsmodellar – utvikling av metode og forvaltning
  • fageleg rådgjeving – til departement, leiing, eigen etat og eksterne samarbeidspartnarar
  • formidling av kunnskap – halde innlegg og foredrag, svare på spørsmål, halde kurs og fagseminar

 

Krav til kvalifikasjonar

Du må ha utdanning frå universitet eller høgskule (minimum 4 år) innan relevante tekniske, naturvitskaplege eller samfunnsvitskaplege fagområde og helst ha minst 5 års erfaring frå relevante fagfelt knytt til trafikksikkerheit og arbeidsoppgåva for stillinga. Du må vidare ha god kunnskap i kvalitative og kvantitative vitskaplege metodar og beherske Excel og andre relevante verktøy for utvikling. Arbeidsoppgåva krev at du har god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ønskjer vi ei autorisert oversetjing av dine papir og godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no ).

Vi legg vekt på evne til

  • analyse og vurdering, gjennomføring og struktur
  • nytenking og nysgjerrighet
  • god kommunikasjon og samarbeid
  • å ta initiativ og jobbe sjølvstendig

 

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar. Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for å avspasere
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsstudiar og høve til fagleg påfyll
  • triveleg arbeidsmiljø i eit flott og lyst kontorbygg ved Alnaelva på Bryn i Oslo med gode offentlege kommunikasjonsmoglegheiter

Løn blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

 

Vil du vite meir om stillinga kan du kontakte Avdelingsdirektør Guro Ranes, på mobil 918 59 219 eller epost: guro.ranes@vegvesen.no .

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Søk stillinga på www.vegvesen.no/jobb innan måndag 27. november 2017 eller gå vidare til ”send søknad/ søk her”.

Hvem er Statens vegvesen?

Statens vegvesen arbeider for at både gående, syklende, kjørende og kollektivreisende skal komme trygt fram. Vi planlegger, bygger, drifter og vedlikeholder riks- og fylkesveger og har tilsyn med kjøretøy og trafikanter. Som fylkeskommunenes og statens vegadministrasjon bidrar vi med faglig grunnlag for politiske beslutninger og setter dem ut i livet. Vi er en stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidere med bred kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regioner.

Les mer om Statens vegvesen og se flere stillinger