Maskinførar grunnboring

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 20. mai, 2018. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

Vi søkjer etter maskinførar for grunnboringsoppdrag  til vår geo- og skredseksjon på Ressursavdelinga i Region vest.

Seksjonen har i dag 28 medarbeidarar fordelt på kontorstadane Leikanger, Bergen og Stavanger.

Seksjonen har mellom anna ansvar for å utføre geotekniske grunnundersøkingar med bruk av eigne boreriggar, samt geologisk og geoteknisk prosjektering og rådgjeving . Våre geologar og geoteknikarar er etaten sine spesialistar innanfor skred og skredsikring.

Om stillingen

Som maskinførar for grunnboring vil du inngå i eit team som består av 9 geoteknikarar og 2 grunnboringslag der du er operatør på borerigg for undersøking av grunnforholda i forbindelse med planlegging og bygging av veg. Regionen omfattar fylka Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland, og ein må reikne med stor reisevirksomheit.

Stasjoneringsstad vil være trafikkstasjon i Åsane utenfor Bergen.

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene vil primært bestå i geotekniske grunnundersøkingar (feltmålingar-sonderingar-prøvetaking felt-boring frå flåte). Dette innebærer betjening av moderne grunnboringsrigg og transport av tungt utstyr. Arbeidet innebærer tungt fysisk arbeid. Etter opplæring skal den som blir tilsett kunne betjene riggen med tilhøyrande grunnboringsfunksjonar.

Arbeidet medfører også en del reparasjonar og vedlikehold av grunnboringsriggen og det øvrige utstyret.

Kvalifikasjonar

Det vert krevd fagbrev innan anleggsfag/mekanikarfag og førarkort kl CE. God datakompetanse og generell maskinkyndighet vil bli vektlagt. For kandidatar med sterk og allsidig praksis og gode personlige forutsetningar for stillinga kan kravet til kompetanse fråvikas.

Vi ønsker oss ein medarbeidar som har gode samarbeidsevner, arbeidar strukturert og sjølvstendig, har kjennskap til bruk av dataverktøy og som har god skriftleg og munnleg framstillings- og kommunikasjonsevne. Evne til å ta initiativ samt det å være løysningsorientert vil også bli vektlagt.

Dette vil vi vektlegge

  • Relevant praksis og erfaring frå dei aktuelle arbeidsoppgåvene, men nyutdanna kan og søkje
  • Fagleg interesse og engasjement
  • Evne til å styre, koordinere og samordne oppgåver
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Ha stå-på-vilje for å få oppgåvene gjennomført
  • Gode evner til å jobbe sjølvstendig og strukturert
  • Kunne bidra positivt til eit godt arbeidsmiljø

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskular og høve til fagleg påfyll

 Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår. 

Generell informasjon 

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og våre tilsette  skal spegle samfunnet. Vi vil tilpasse arbeidshøva dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

For nærmare informasjon om stillinga kan du kontakte seksjonsleiar Stein Olav Njøs, tlf 57 65 58 96 eller 95 19 18 55 eller epost stein.njos@vegvesen.no

Hvem er Statens vegvesen?

Statens vegvesen arbeider for at både gående, syklende, kjørende og kollektivreisende skal komme trygt fram. Vi planlegger, bygger, drifter og vedlikeholder riks- og fylkesveger og har tilsyn med kjøretøy og trafikanter. Som fylkeskommunenes og statens vegadministrasjon bidrar vi med faglig grunnlag for politiske beslutninger og setter dem ut i livet. Vi er en stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidere med bred kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regioner.

Les mer om Statens vegvesen og se flere ledige stillinger