Lyst å jobbe med viktige nasjonale fellesløysingar i staten?

Stillingsbeskrivelse

Stillingsbeskrivelse

Difi søker erfaren javautviklar for å utvikle fellesløysingane våre. Oppgåvene veks og vi treng fleire som deg med på laget.

Hos Difi vil du bli ein del av eit større utviklingsmiljø og utviklarane har eit stort spenn i arbeidsoppgåver, noko som gir gode mulegheiter for personleg utvikling. Vi legg vekt på smidig arbeidsmetodikk og effektive og hurtige leveransar. Du vil få oppgåver i samarbeid med fagmiljø både i og utanfor Difi.

Du vil bli ein del av eit utviklingsmiljø med stor fagleg tyngde, som er vant med å levere etter plan og likar å vere best.

Er du den rette vil du få ansvar som fagleg leiar for ei faggruppe som jobbar med Difi sine komponentar for eFormidling og eInnsyn, med ansvar for løysingsarkitektur og utvikling på dette satsingsområdet.

Det er viktig at du er nysgjerrig og utforskande innan teknologi og metodikk, og evnar å sjå korleis det kan nyttast i våre løysingar.

Stillinga er fast med primær arbeidsstad i Leikanger saman med 25 andre utviklarar.

I tillegg til spennande faglege utfordringar, kan vi tilby kombinasjon av fleksibel arbeidstid og fantastiske mogelegheiter for kortreiste friluftseventyr i kvardagen. Sogn er kjent for sin gode laussnø og fantastiske sykkelstiar, og tilbyr eit inkluderande og kompetent friluftsmiljø. Med eit ungdommeleg studentmiljø og mange spennande fritidstilbod er Sogn ein attraktiv stad å bu.

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • Bachelor- eller masterutdanning innan programmering/systemutvikling. Lang og særleg relevant erfaring kan kompensere for dette kravet
  • Minst fem års erfaring innanfor systemutvikling
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Du bør ha

  • Spesielt god kunnskap og erfaring frå minst eitt av følgjande område
  • Systemutvikling i Java, gjerne med god kjennskap til Spring-rammeverket
  • Løysingsarkitektur
  • Smidige utviklingsprosessar
  • Teamleiing innan systemutvikling

Kopi av relevant dokumentasjon og vitnemål må følgje søknaden. Dersom du har tatt heile eller delar av utdanninga di i utlandet, tilrår vi ei autorisert omsetjing av papir og vitnemål, og godkjenning frå NOKUT.

Personlege eigenskapar

Kan jobbe sjølvstendig og i team kan presentere teknologi og løysingar i samlingar, også for andre enn teknologar engasjert, strukturert, analytisk og løysingsorientert

Vi tilbyr

Løn som rådgjevar eller seniorrådgjevar i lønsspennet kr 565 500 - kr 682 200 alt etter kvalifikasjonar. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgre løn medlemskap i Statens pensjonskasse som er ei av dei beste pensjonsordningane i landet med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar familievenleg og fleksibel personalpolitikk med gode arbeidstidsordningar rike muligheiter for friluftsliv sommar og vinter i vakre Leikanger, treningsrom og høve til trening i arbeidstida

Vi er opptatt av mangfald, og oppfordrar alle kvalifiserte til å søkje jobb hos oss, uansett alder, kjønn, funksjonsevne og etnisitet.

Kontaktpersoner

Espen Kørra
Seniorrådgiver
Telefonnummer: 928 08 669
Jørn Stenehjem
Seksjonsleder
Telefonnummer: 911 46 279

Hvem er Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) ?

Difi er det sentrale fagorganet for modernisering og omstilling av offentleg sektor. Dette skal vi gjere med spisskompetanse innanfor leiing, organisering, kompetanseutvikling, innovasjon, digitalisering, offentlege anskaffingar, IKT og universell utforming. 

Difi har om lag 260 tilsette i Oslo og i Leikanger.