Leiar for prosjektpilot innan Intelligente transportsystem

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 15. august, 2018. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

Om avdelinga

Statens vegvesen arbeidar etter nullvisjonen, med eit delmål for 2010-2019 der drepne og hardt skadde i trafikken skal reduserast med minst ein tredel innan 2020.

Trafikant– og køyretøyavdelinga bidreg aktivt til visjonen gjennom m.a kontrollverksemd og effektiv bruk av ressursar. Utvikling av smarte, automatiserte IKT tenester og system til beste for person – og næringstrafikk bidreg også til dette arbeidet.

Vi søkjer no etter ein prosjektleiar for ein testpilot som m.a skal sjå særskilt på moglegheiten for å utvikle/byggje opp ei ITS løysing for overvåkings-/sikkerheitssystem for verdas lengste tunell Rogfast, i tillegg til ulike andre prosjekt innan fagområdet

Arbeids -og ansvarsområder

Som prosjektleiar skal du definere arbeidsomfanget i vår ITS pilot og knytte dette opp mot øvrig pågåande utviklingsarbeid innan fagområdet i etaten. Stillinga inneber ansvar for å definere og spesifisere ulike delprosjekt/tekniske testpilotar, avklare det tekniske moglegheitsrommet, etablere kontakt med ulike leverandørar, rapportere økonomisk og teknisk fremdrift for prosjektet m.m.

Stillinga er organisatorisk knytt til Trafikant -og Kjøretøy avdelinga i Region vest, men du vil som prosjektleiar rapportere og arbeide tett med medlemmer av dei ulike leiargruppene i avdelingane og resten av prosjekt/utviklingsmiljøet i Statens vegvesen.  Det vil også vere tett samarbeid med eksterne leverandørar. 

Stillinga er i første omgang ein prosjektstilling i ca to år, men med moglegheit for fast tilsetjing.Kontorstad vil fortrinnsvis vere Bergen.

Kvalifikasjonskrav

For å løyse oppgåvene må du ha god teknisk innsikt– og systemforståelse, erfaring frå arbeid med digitalisering, teknologi- og systemutvikling, og særskilt erfaring frå arbeid innan ITS. Det vil være ein fordel om du har god kjennskap til fagområda automasjon/kybernetikk eller IKT.

Du har relevant utdanning frå universitet eller høgskule min. 3 år. Omfattande og relevant erfaring innanfor det aktuelle fagområdet kan kompensere for manglande formell utdanning.

Personlege eigenskaper som vil verte vektlagd

I Statens vegvesen ønskjer vi medarbeidare som arbeider profesjonelt, framtidsretta og inkluderande. Som prosjektleiar må du evne å arbeide systematisk og våge å utfordra etablerte tankar med nye idear. Du må kunnekommunisere og samhandle godt, vere løysningsorientert og evne å drive gjennom leveransar samhandle og kommunisere godt med andre, både skriftleg og munnleg arbeide målretta

Dersom du har tatt heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetning av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

Stort engasjement, gode strukturer og faglig utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ynskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar. Fagleg etatsopplæring blir gitt når dette er naudsynt.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr:

  • utfordrande oppgåver og moglegheit til å skape eit spennande fagleg miljø
  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og muligheit for lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskoler og gode muligheiter for fagleg påfyll

Lønn vert fastsett etter nærmare avtale i samsvar med etaten sin lønnspolitikk, og det vert trekt 2 prosent pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse.

Generell informajon 

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Hvem er Statens vegvesen?

Statens vegvesen arbeider for at både gående, syklende, kjørende og kollektivreisende skal komme trygt fram. Vi planlegger, bygger, drifter og vedlikeholder riks- og fylkesveger og har tilsyn med kjøretøy og trafikanter. Som fylkeskommunenes og statens vegadministrasjon bidrar vi med faglig grunnlag for politiske beslutninger og setter dem ut i livet. Vi er en stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidere med bred kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regioner.

Les mer om Statens vegvesen og se flere ledige stillinger