Ledig stilling som senioringeniør drift ved IKT-seksjonen

Stillingsbeskrivelse

Stillingsbeskrivelse

  • IKT-seksjonen jobbar tett på fagmiljøa ved Kripos, og har som mål å vere ein profesjonell samarbeidspartnar som tek seg av IKT-drift, brukarstøtte og applikasjonsutvikling. Oppgåvene omfattar teknisk forvaltingsansvar for lokale, nasjonale og internasjonale IKT-system, telefoni, serverar, datanettverk, masselager og back-up. 
  • IKT-seksjonen bidrar i stor grad til at Kripos og politiet elles kan utøve oppgåvene sine på best mogleg måte. Delar av IKT-infrastrukturen driftar vi i tett samarbeid med Politiets IKT-tenester (PIT). 
  • Seksjonen har ansvar for IKT-strategiske tiltak og er ein viktig bidragsytar i teknologisatsinga på Kripos. 
  • Seksjonen ligg på Administrasjonsavdelinga, ei avdeling med om lag 60 tilsette som blant anna har ansvar for personell, økonomi, sikkerheit, kvalitetsarbeid, informasjon, IKT, arkiv, eigedom, bilar og inventar. 
  • Det er ledig ei fast stilling som senioringeniør på IKT-drift. Vi søker ein fagleg dyktig og serviceinnstilt person. Vi vil legge vekt på gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Stillinga ligg under seksjonssjefen. 
  • Kripos følgjer utviklinga i kriminalitetsbiletet. Uansett kva stilling du søker på, må du derfor vere fleksibel når det gjeld arbeidsoppgåver og organisering. 
  • Den som blir tilsett, må kunne sikkerheitsklarerast på nivået HEMMELEG. 
  • Søknader utan vitnemål/attester vil ikkje bli behandla. Ta med originale vitnemål og attestar til intervjuet.

Arbeidsoppgaver

  • Forbetre, implementere, dokumentere, legge til rette, utvikle og drifte IKT-tenester
  • Vere systemeigar for relevante teknologiar/løysingar
  • Delta i dagleg drift med gjeldande vaktordning for driftsvakt og jourvakt
  • Delta i prosjekt for innføring av IT-relaterte tenester
  • Utarbeide og dokumentere rutinar og følge dei opp

Kvalifikasjoner

  • Relevant teknisk utdanning på høgskulenivå (lang erfaring kan erstatte formell utdanning);
  • Minimum tre års erfaring innan IKT-drift;
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk;
  • Gode dokumentasjonsevner.

Det er ønskeleg med praktisk erfaring på fleire av desse områda:

  • VMware
  • Microsoft (backoffice og klient)
  • Design og drift av nettverks- og sikkerheitsarkitektur (Cisco IOS)
  • Security Information and Event Management (SIEM)
  • Monitorering (PRTG)
  • Loggverktøy
  • Informasjonssikkerheit, inkludert herding
  • PKI
  • Automatisering og scripting
  • Saksbehandlingsverktøy (Jira)
  • atabasar (MS-SQL)
  • lagring og backup-teknologi
  • Linux

Personlige egenskaper

  • Høg fagleg interesse
  • Strukturert og analytisk
  • Ansvarsbevisst, sjølvgåande og inkluderande, med evne til å dele kompetanse
  • Engasjert og lærevillig, både for teknologi og arbeidskvardagen til brukarane

Vi tilbyr

  • Fast stilling som senioringeniør SKO 1181, i lønnsspennet kr 524 200–731 400 (ltr. 60–77). For særleg kvalifiserte personar kan høgre lønn bli vurdert. Frå lønna blir det trekt to prosent til Statens pensjonskasse;
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse, som inneber ein god tenestepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring og høve til bustadlån;
  • Eit hyggeleg, utviklingsorientert og spennande arbeidsmiljø;
  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver;
  • Fleksible arbeidstidsordningar;
  • Høve til trening i arbeidstida;
  • Ein dynamisk organisasjon i kontinuerleg utvikling;
  • Sentral plassering på Bryn med tog-, t-bane- og bussforbindelsar.

Kontaktpersoner

Randi Navarro
Seksjonsleder
Telefonnummer: 908 15 877

Hvem er Kripos?

Kripos er politiets nasjonale kompetansesenter i kampen mot organisert og annen alvorlig kriminalitet. Vi yter bistand til politidistriktene og har spisskompetanse blant annet innen taktisk etterforskning, kriminalteknikk, elektroniske spor, særskilte etterforskningsmetoder, kriminaletterretning og -analyse. Vi er dessuten behandlingsansvarlig for politiets sentrale registre og nasjonalt kontaktpunkt for internasjonalt politisamarbeid. Det nasjonale kriminaltekniske laboratoriet ligger også ved Kripos.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad gjenspeile befolkningen. Det er derfor et mål å ha en balansert alders- og kjønnssammensetning og rekruttere flere personer med innvandrerbakgrunn. Det er en forutsetning at den som tilsettes, har plettfri vandel. Uttømmende politiattest kan bli innhentet.

Etter søknadsfristens utløp utarbeides en offentlig søkerliste med søkerens navn og alder samt stillings-/yrkestittel og bosteds-/arbeidskommune. Søkeren kan anmode om ikke å bli oppført på søkerlisten. Dersom anmodningen ikke tas til følge, kan opplysninger om søkeren likevel bli offentliggjort. Søkeren vil i så fall bli varslet.