Ledig stilling som løysingsarkitekt (senioringeniør) ved IKT-seksjonen

Stillingsbeskrivelse

Stillingsbeskrivelse

IKT-seksjonen jobbar tett på fagmiljøa ved Kripos, og har som mål å vere ein profesjonell samarbeidspartnar som tek seg av IKT-drift, brukarstøtte og applikasjonsutvikling. Oppgåvene omfattar teknisk forvaltingsansvar for lokale, nasjonale og internasjonale IKT-system, telefoni, serverar, datanettverk, masselager og back-up. 

IKT-seksjonen bidrar i stor grad til at Kripos og politiet elles kan utøve oppgåvene sine på best mogleg måte. Delar av IKT-infrastrukturen driftar vi i tett samarbeid med Politiets IKT-tenester (PIT). 

Seksjonen har ansvar for IKT-strategiske tiltak og er ein viktig bidragsytar i teknologisatsinga på Kripos. 

Seksjonen ligg på Administrasjonsavdelinga, ei avdeling med om lag 60 tilsette som blant anna har ansvar for personell, økonomi, sikkerheit, kvalitetsarbeid, informasjon, IKT, arkiv, eigedom, bilar og inventar. 

Det er no ledig ei fast stilling som løysingsarkitekt for IKT-seksjonen. Vi søker derfor deg som er fagleg dyktig og teknologioppdatert, og som kan bidra til både design og drift av framtidsløysingar. Du ønsker å ta ansvar for planlegging og implementering av sikre og standardiserte løysingar, og ser samanhengar på tvers av brukargrupper og -behov. Du kan kommunisere arkitektur- og teknologival både med teknologar, avgjerdstakarar og brukarar. I tillegg er du nysgjerrig og held deg oppdatert innan ny teknologi. Du er komfortabel med å leie møte og følge opp andre, og har erfaring frå, eventuelt eit stort engasjement for, å sette deg inn i rolla teknologien spelar for politiet i det daglege arbeidet. Det er viktig at du liker å utføre tekniske oppgåver (i praksis) både innan drift og implementering av nye løysingar. Og sjølvsagt ser du behovet for dokumentasjon og gode rutinar. Vi vil legge vekt på gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Stillinga ligg under seksjonssjefen. 

Kripos følgjer utviklinga i kriminalitetsbiletet. Uansett kva stilling du søker på, må du derfor vere fleksibel når det gjeld arbeidsoppgåver og organisering. 

Den som blir tilsett, må kunne sikkerheitsklarerast på nivået HEMMELEG. 

Søknader utan vitnemål/attester vil ikkje bli behandla. Ta med originale vitnemål og attestar til intervjuet.

Arbeidsoppgaver

  • Utarbeide strategi for ein heilskapleg løysingsarkitektur
  • Sikre forankring av val på tvers av organisasjonen/brukargrupper
  • Planlegge og implementere standardiserte løysingar
  • Leie implementeringsprosjekt, eventuelt delta i styringsgrupper
  • Vere systemeigar for relevante teknologiar/løysingar
  • Delta i den daglege drifta etter behov

Kvalifikasjoner

  • Relevant teknisk utdanning på høgskulenivå (lang erfaring kan erstatte formell utdanning);
  • Minimum fem års erfaring innan IKT-drift, inkludert erfaring frå løysingsdesign;
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk;
  • Svært gode dokumentasjonsevner.

Det er ønskeleg med erfaring på fleire av desse områda:

  • VMware
  • Microsoft-produkt (backoffice og klient)
  • Design og drift av nettverks- og sikkerheitsarkitektur
  • Security Information and Event Management (SIEM)
  • Informasjonssikkerheit
  • Loggverktøy
  • Saksbehandlingsverktøy (Jira)
  • Lagrings- og backup-teknologi
  • Automatisering og scripting
  • Databasar (MS-SQL)

Personlige egenskaper

  • God verksemdsforståing og evne til å tenke logisk og heilskapleg
  • Strukturert og analytisk
  • Ansvarsbevisst, sjølvgåande og inkluderande
  • Engasjert og lærevillig, med evne til å dele kompetanse

Vi tilbyr

  • Fast stilling som senioringeniør SKO 1181, i lønnsspennet kr 576 100–754 900 (ltr. 65–78). For særleg kvalifiserte personar kan høgre lønn bli vurdert. Frå lønna blir det trekt to prosent til Statens pensjonskasse
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse, som inneber ein god tenestepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring og høve til bustadlån
  • Eit hyggeleg, utviklingsorientert og spennande arbeidsmiljø
  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Fleksible arbeidstidsordningar
  • Høve til trening i arbeidstida
  • Ein dynamisk organisasjon i kontinuerleg utvikling
  • Sentral plassering på Bryn med tog-, t-bane- og bussforbindelsar.

Kontaktpersoner

Randi Navarro
Seksjonsleder
Telefonnummer: 908 15 877

Hvem er Kripos?

Kripos er politiets nasjonale kompetansesenter i kampen mot organisert og annen alvorlig kriminalitet. Vi yter bistand til politidistriktene og har spisskompetanse blant annet innen taktisk etterforskning, kriminalteknikk, elektroniske spor, særskilte etterforskningsmetoder, kriminaletterretning og -analyse. Vi er dessuten behandlingsansvarlig for politiets sentrale registre og nasjonalt kontaktpunkt for internasjonalt politisamarbeid. Det nasjonale kriminaltekniske laboratoriet ligger også ved Kripos.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad gjenspeile befolkningen. Det er derfor et mål å ha en balansert alders- og kjønnssammensetning og rekruttere flere personer med innvandrerbakgrunn. Det er en forutsetning at den som tilsettes, har plettfri vandel. Uttømmende politiattest kan bli innhentet.

Etter søknadsfristens utløp utarbeides en offentlig søkerliste med søkerens navn og alder samt stillings-/yrkestittel og bosteds-/arbeidskommune. Søkeren kan anmode om ikke å bli oppført på søkerlisten. Dersom anmodningen ikke tas til følge, kan opplysninger om søkeren likevel bli offentliggjort. Søkeren vil i så fall bli varslet.