Ledig stilling på plan- og forvaltningsseksjonen i Sogn og Fjordane

Stillingsbeskrivelse

Vi er inne i ein periode med fleire spennande endringsprosessar, noko som vil påverke både struktur og oppgåvesamansetjing.

Om stillinga

I vegavdeling Sogn og Fjordane har vi ledig stilling på plan- og forvaltningsseksjonen med kontorstad i Førde eller Leikanger. Hovudoppgåvene våre er planansvar for vegprosjekt langs riks- og fylkesvegar i Sogn og Fjordane, uttale til kommunale arealplanar, vegforvaltningsoppgåver (mellom anna avkøyrslesaker, dispensasjon frå byggegrense, skilt og arbeidsvarsling), arbeid med trafikktryggleik og trafikktryggingstiltak. Vi jobbar også med overordna planlegging knytt til nasjonal- og regional transportplan.

Vi søkjer deg som ønskjer å bidra til at tryggleiken og effektiviteten i vegsystemet er så høg som mogleg. Du tek avgjersler som folk legg merke til i kvardagen, og du vil oppleve at mange er engasjerte i det arbeidet du gjer.

Arbeidsoppgåver

  • Planforvaltning: Oppgåvene vil hovudsakleg vere uttale til kommunale arealplanar og dispensasjonar, samt planbestilling og oppfølging av planar.
  • Vegforvaltning: Oppgåvene vil vere knytt til trafikktryggleik og forvaltning etter veglova.
  • Andre oppgåver innan seksjonen sitt ansvarsområde vil vere aktuelt.

Kvalifikasjonskrav

  • Du har minimum tre års utdanning frå universitet eller høgskule innan veg-, arealplanlegging eller anna relevant utdanning. Erfaring innan arealplanlegging og samferdsle frå offentleg eller privat sektor er ønskjeleg.
  • Seksjonen si verksemd er sterkt utadvent og vi legg difor stor vekt på evne til samarbeid internt og eksternt, samt gode kommunikasjonsevner i norsk, både skriftleg og munnleg.
  • Stillinga krev førarkort klasse B.
  • Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå  NOKUT (www.nokut.no).

Vi vil og leggje vekt på:

  • Evne til å ta initiativ, vere løysingsorientert og jobbe sjølvstendig
  • At du kan samarbeide og er aktivt med på å skape eit godt arbeidsmiljø
  • Evne til å handtere innspel og engasjement frå dei partane sakene gjeld
  • Korleis kompetansen din høver inn i den samla kompetansen på seksjonen
  • Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling
  • Som tilsett i Statens vegvesen vert du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Vi tilbyr også desse goda:

  • Introduksjonsprogram og fadderordning
  • Fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskular og gode høve til fagleg påfyll
  • Lønna vert avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår. 
  • Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Kontaktpersoner

Torun Emma Torheim
Seksjonsleder
Telefonnummer: 57655845
Mobil: 99577886

Hvem er Statens vegvesen?

Statens vegvesen arbeider for at både gående, syklende, kjørende og kollektivreisende skal komme trygt fram. Vi planlegger, bygger, drifter og vedlikeholder riks- og fylkesveger og har tilsyn med kjøretøy og trafikanter. Som fylkeskommunenes og statens vegadministrasjon bidrar vi med faglig grunnlag for politiske beslutninger og setter dem ut i livet. Vi er en stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidere med bred kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regioner.

Les mer om Statens vegvesen og se flere ledige stillinger