Landmålar

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 31. mai, 2018. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

Vil du jobbe som landmålar? Då har vi stilling til deg

I Statens vegvesen Region vest ved Eigedomsseksjonen har vi ledig stilling som landmålar med kontorstad i Bergen.

Arbeidsoppgåver:

Eigedomsseksjonen har ansvar for landmåling og grunnerverv i Statens vegvesen. Seksjonen har i overkant av 60 medarbeidarar og har kontorstad i Stavanger, Haugesund, Bergen og Leikanger. Om lag 20 medarbeidarar har landmåling som hovudoppgåve.

Den som vert tilsett vil få utfordrande, varierande og sjølvstendige oppgåver innan landmåling. Hovudoppgåva i stillinga er eigedomsmåling og -forvaltning.

Eigedomsmåling inneber også gjennomføring og styring av oppmålingsforretning etter matrikkellova. I tillegg vil det verta arbeid med å ivareta Statens vegvesen sine eigedomsinteresser i delingssaker og andre nabotilhøve.

Kvalifikasjonskrav:

Vi krev at du har høgare utdanning innan fagområdet. For søkjarar som har lang og relevant erfaring innan fagområdet, og som har gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast.

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, tilrår vi at den vert godkjend av NOKUT (www.nokut.no).

Det er ønskjeleg med erfaring innan landmåling, spesielt eigedomslandmåling, men vi vil også oppmoda nyutdanna til å søkja. Søkjar må ha førarkort for personbil.

Seksjonen har mykje kontakt med eksterne aktørar, vi legg vekt på gode samarbeidsevner, sjølvstendig og systematisk arbeidsform samt god skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne.

Vi ønskjer også at du er initiativrik, engasjert og resultatorientert samt at du vil bidra til eit godt arbeidsmiljø.

Vi tilbyr

  • utfordrande oppgåver og moglegheit til å skape eit spennande fagleg miljø
  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og muligheit for lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskoler og gode muligheiter for fagleg påfyll

Lønn vert fastsett etter nærmare avtale i samsvar med etaten sin lønnspolitikk, og det vert trekt 2 prosent pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse.

Annet

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Kontaktpersoner

Øyvind Pedersen
Seksjonsleiar
Telefonnummer: (+47) 55 51 61 34

Hvem er Statens vegvesen?

Statens vegvesen arbeider for at både gående, syklende, kjørende og kollektivreisende skal komme trygt fram. Vi planlegger, bygger, drifter og vedlikeholder riks- og fylkesveger og har tilsyn med kjøretøy og trafikanter. Som fylkeskommunenes og statens vegadministrasjon bidrar vi med faglig grunnlag for politiske beslutninger og setter dem ut i livet. Vi er en stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidere med bred kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regioner.

Les mer om Statens vegvesen og se flere ledige stillinger