Kontrollingingeniør Veg investering

Stillingsbeskrivelse

I Statens vegvesen Region vest er det ledig 2 stillingar som kontrollingeniør ved avdeling Rogaland, Vegseksjon Stavanger - Investering. Kontorstad Stavanger. Seksjonen er i dag organisert med 43 årsverk, og har ansvar for små og store investeringsprosjekt i heile Sør-Rogaland og delar av Ryfylke.

Større investeringsprosjekt som er under bygging no eller skal byggjast seinare, er blant anna vidare kollektivutbygging langs fv44 mellom Stavanger og Sandnes, og langs rv.509 frå Stavanger mot Hafrsfjord/ Tananger, Sykkelstamvegen, Rv13 Hjelmeland - Nesvik ferjekaier og fv.505 Skjæveland-Foss Eikeland. I tillegg er det stort fokus på bygging av gang- og sykkelvegar og trafikksikkerheitstiltak.

Som kontrollingeniør er du med på å sikre at prosjekta våre held høg kvalitet.Stillinga er innanfor fagområdet nyanlegg, som til dømes vidare utbygging av kollektivtraséar i Stavanger og Sandnes og andre større prosjekter i området. 

Kontrollingeniørstillingane inngår i byggherrepoolen i Region vest, men vil f.t. vere knytt til vegseksjon Stavanger Investering, avdeling Rogaland.

 

Arbeidsoppgåver

  • Kontakt og oppfølging av entreprenørar og andre leverandører, inkl. fotografering, føring av dagbok og oppfølging av krav til dokumentasjon og rapportering
  • Oppfølging av arbeida, samt å utføre eller få utført, teknisk stikkprøvekontroll innanfor eige ansvarsområde
  • Deltaking i byggjemøter etter behov
  • Kontrollen skal utførast og dokumenterast ut i frå byggherren sin kontrollplan
  • Ta del i den daglege kontakten med dei som vert berørte av anleggsarbeida
  • Støtte med utarbeiding av teknisk slutrapport

Noko reiseverksemd, samt kvelds- og nattarbeid i periodar, må påreknast.

 

Kvalifikasjonskrav

  • Utdanning frå universitet eller høgskule, minimum 3 år, innan relevant fagkrins
  • Stillingane set krav til mobilitet, og vi krev førarkort for bil (klasse B)
  • Den som blir tilsett må ha gode framstillingsevne på norsk, både skriftleg og munnleg

Omfattande og relevant erfaring innanfor dei aktuelle fagområda kan kompensere for manglande formell utdanning.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

 

Vi vektlegg

  • Evne til å kunne ta initiativ og jobbe sjølvstendig
  • Erfaring frå liknande arbeidsoppgåver og kjennskap til kontraktarbeid
  • Ryddig, strukturert og med god skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Evne til å analysere og dra gode vurderingar
  • Gode samarbeidsevne
  • Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling
  • Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt.

Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

 

Vi tilbyr òg desse goda

  • Introduksjonsprogram og fadderordning
  • Fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • Pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • Etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår. 

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

 

Søknad

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord,  sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Nærare opplysningar kan du få hjå seksjonsleiar Harald Bøhn på mobil 92610412.

Kontaktpersoner

Harald Bøhn
Seksjonsleiar
Telefonnummer: 92610412

Hvem er Statens vegvesen?

Statens vegvesen arbeider for at både gående, syklende, kjørende og kollektivreisende skal komme trygt fram. Vi planlegger, bygger, drifter og vedlikeholder riks- og fylkesveger og har tilsyn med kjøretøy og trafikanter. Som fylkeskommunenes og statens vegadministrasjon bidrar vi med faglig grunnlag for politiske beslutninger og setter dem ut i livet. Vi er en stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidere med bred kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regioner.

Les mer om Statens vegvesen og se flere ledige stillinger