Kontrollingeniør innan elektro

Stillingsbeskrivelse

Om stillinga

I Statens vegvesen Region vest er det ledig stilling som kontrollingeniør for elektro på investeringsprosjekt og tunneloppgradering i vegseksjon Fjordane. Det skal byggast fleire nye tunnelar i området vårt, samtidig som vi skal oppgradere fylkesvegtunnelane etter trafikktryggleiksforskrifta. Kontorstad vil vere Førde eller Eid, alt. byggherrekontor Stryn eller Vadheim. Seksjonen har ansvaret for drift- og vedlikehald på riks- og fylkesvegar og bygging av nyanlegg innanfor gitte rammer.

Arbeidsoppgåvene er varierte og utfordrande innan eit sterkt fagmiljø. Stillinga vil vera knytt til byggherrepoolen i Region vest.

Arbeidsoppgåvene vert å:

  • vere ein del av byggeleiinga som føl opp kontrakt med entreprenør
  • rapportere og følgje opp økonomi, kvalitet og framdrift
  • bistå i utarbeiding av konkurransegrunnlag og planar
  • delta i byggemøte og vere ute på anleggsstaden
  • delta aktivt i HMS-arbeidet

God fagleg tyngd frå faget er ein fordel, men det er like viktig at du kan handtere både kollegaer, konsulentar og entreprenørar på ein god måte.

Kvalifikasjonskrav:

Det vert kravd minimum 3-års relevant utdanning frå universitet eller høgskule. Dersom du har sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda, samt gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast. Søkjar må ha førarkort for bil (kl. B).

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

Vi legg vekt på:

  • relevant og tverrfagleg arbeidserfaring
  • kunnskap om regelverk innan relevante fagfelt
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • at du er sjølvstendig, initiativrik og jobbar strukturert
  • gode samarbeidsevner og at du er aktivt med på å skape eit triveleg arbeidsmiljø
  • erfaring frå elektro- eller tunnelfaget er ynskjeleg

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi tilbyr også desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskular og gode høve for fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår. 

Søknad

Dersom du synest stillinga høyrest spennande ut, sender du søknaden via vår jobbportal: www.vegvesen.no/jobb innan 5.august. d.å.  

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Meir utfyllande opplysningar om stillinga og arbeidsoppgåvene kan du få hjå seksjonsleiar Tone Anette Espe tlf 959 48 075.

Hvem er Statens vegvesen?

Statens vegvesen arbeider for at både gående, syklende, kjørende og kollektivreisende skal komme trygt fram. Vi planlegger, bygger, drifter og vedlikeholder riks- og fylkesveger og har tilsyn med kjøretøy og trafikanter. Som fylkeskommunenes og statens vegadministrasjon bidrar vi med faglig grunnlag for politiske beslutninger og setter dem ut i livet. Vi er en stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidere med bred kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regioner.

Les mer om Statens vegvesen og se flere ledige stillinger