Kontrollingeniør for Førdepakken

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 23. september, 2018. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

Om Førdepakken:

Føremålet med Førdepakken er å medverka til ei god sentrumsutvikling i Førde. Dette skal gjerast ved å etablere veglenker som på sikt vil gi ein meir konsentrert arealbruk og byggje eit betre tilbod til gåande og syklande, slik at ein større del av reisene sentralt i Førde skal bli tekne av mjuke trafikantar. Førdepakken består av 20 tiltak/delprosjekt som skal vere med på å gje betre framkomst og betre trafikktryggleik for alle som ferdast i og rundt Førde sentrum.

Om stillinga:

I Statens vegvesen Region vest er det ledig stilling som kontrollingeniør for Førdepakken, fortrinnsvis med kompetanse innan vegbygging. Stillinga vil inngå i den regionale byggherrepoolen.

Stillinga inneber kontroll og oppfølging med fokus på teknisk kvalitet, HMS og trafikkavvikling. Rapportering av kontrollar er ein viktig del av jobben. Prosjektet har i dag 7 tilsette, og talet tilsette vil auke i takt med aukande aktivitet. Vi har prosjektkontor i Raudekorsbygget i Førde, der du vil få kontorplass saman med resten av teamet som jobbar med Førdepakken.

Arbeidsoppgåver:

  • Kontakt og oppfølging av entreprenørar og andre leverandørar
  • Kvalitets- og kostnadskontroll
  • Utarbeiding av kontrollplanar
  • Oppfølging av HMS ute på anlegget
  • Kontroll av dokumentasjon
  • Kontroll av målebrev
  • Delta på byggemøte

Kvalifikasjonskrav:

Det vert kravd minimum 2-års teknisk fagskule, line for bygg- og anlegg. Dersom du har sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda, samt gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast. Søkjar må ha førarkort for bil (kl. B).

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

God kontakt og godt samarbeid med entreprenørar og konsulentar er like viktig som fagkunnskap og teknisk innsikt. Du representerer Statens vegvesen overfor samarbeidspartnarane våre.  Ein stor del av kommunikasjonen føregår på data ved hjelp av ulike fagprogram, og du må difor ha gode  datakunnskapar, men det vert gjeve opplæring i fagprogramma.

Vi søkjer etter omgjengelege og målretta personar innan fagområda veg, betong og bru. Både kreativitet og evne til systematisk arbeid er viktige eigenskapar i denne jobben. Ein kontrollingeniør må vere ryddig og real. Evne til å samarbeide med entreprenørane våre er heilt avgjerande, og du bør trivast ute på byggjeplassen.

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling:

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi tilbyr også desse goda:

  • Introduksjonsprogram og fadderordning
  • Fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • Pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • Etatsskular og gode høve for fagleg påfyll
  • Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår. 

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Kontaktpersoner

Arild Øren
Byggjeleiar
Telefonnummer: +47 959 79 216
Erling Varlid
Prosjektleiar
Telefonnummer: +47 901 90 057

Hvem er Statens vegvesen?

Statens vegvesen arbeider for at både gående, syklende, kjørende og kollektivreisende skal komme trygt fram. Vi planlegger, bygger, drifter og vedlikeholder riks- og fylkesveger og har tilsyn med kjøretøy og trafikanter. Som fylkeskommunenes og statens vegadministrasjon bidrar vi med faglig grunnlag for politiske beslutninger og setter dem ut i livet. Vi er en stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidere med bred kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regioner.

Les mer om Statens vegvesen og se flere ledige stillinger