Kontrollingeniør elektro

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 06. november, 2018. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

Om stillinga

Statens vegvesen, Region vest, Prosjektavdelinga, har ledige stillingar som kontrollingeniørar innan elektrofaget.

Statens vegvesen skal oppgradera eksisterande tunnelar i fylka Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Dette gjeld tunnelar som er lengre enn 500m på E39/E16 og på riksvegnettet.

Arbeidet starta i 2014.  Prosjektet er planlagt gjennomført i løpet av 2021 (E16/E39) og 2023 (riksvegar).

Oppgraderinga omfattar nytt sikkerheitssystem i dei fleste tunnelane. Ny belysning og ventilasjon, nye naudstasjonar og fleire evakueringsljos. Det kan og vera naudsynt å strossa/sprengja i tunnelprofilet samt leggja nytt overvannssystem og kummar. Nytt vass- og frostsikringsanlegg kan og vera naudsynt. For dei lengste tunnelane er det og aktuelt å sprengja fjellrom for nye tekniske bygg samt montere videokamera/radar og høgtalarar i tunnelen.

Stillingane er knytt til Prosjektavdelinga, prosjekt «Tunneloppgradering Region vest». Kontorstad i Haugesund, Bergen, Matre, Aurland og på noko sikt Nordfjordeid. Stillingane inngår i den regionale byggherrepoolen.

Arbeidstida er generelt frå kl. 22.00 – kl. 05.30, med ei skiftordning der me er ei uke på og ei uke av. Me ynskjer å få meir av oppgraderingsarbeidet utført på dagtid

 Arbeidsoppgåver

  • Oppfølging av entreprenørar i byggefasen. Utøve byggherrefunksjon på vegne av byggeleiar.
  • Utføre kvalitets- framdrifts- og kostnadskontroll.
  • Deltaking i byggemøter etter behov.
  • Teknisk kvalitetskontroll og dokumentasjon i høve byggherren sin kontrollplan.
  • Aktivt arbeid med fokus på HMS og Ytre Miljø.
  • Oppfølging av einskilde driftsrutinar i tunnelen.
  • Oppfølging av trafikkavvikling og arbeidsvarslingsplanar.
  • Risikovurderingar og sikker jobb analysar.
  • Bistå ved utarbeiding av teknisk sluttrapport.

Kvalifikasjonskrav

  • Utdanning frå universitet, 3-årig høgskule eller 2-årig teknisk fagskule med relevant fagkrins.
  • Omfattande og relevant erfaring innanfor dei aktuelle fagområda kan kompensere for manglande formell utdanning.
  • Søker bør i tillegg ha fagbrev innan elektro og/eller automasjonsfaget.
  • Stillingane set krav til mobilitet, og vi krev førarkort for bil (klasse B).
  • Dei som vert tilsett må beherske norsk målføre, skriftleg og munnleg.
  • Allsidig erfaring innan installasjon av elektrotekniske anlegg.
  • Ynskjeleg med erfaring med installering og drift av industrianlegg, samt samferdsleanlegg.
  • Ynskjeleg med erfaring frå prosjektering av sterkstraums elektroanlegg.
  • Ynskjeleg med erfaring/interesse innan automasjon og ITV.
  • Kompetanse til å kunne medvirka til gjennomføring av internkontrollsystemet for elektrotekniske arbeider i regionen.
  • Erfaring frå bruk av dataverktøy ved prosjektering (Febdok, Relux, AutoCAD).
  • Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, tilrår vi at den vert godkjend av NOKUT (www.nokut.no).

Vi legg vekt på at du

  • Har kunnskap om lover, forskrifter og regelverk innanfor fagområdet.
  • Har erfaring frå liknande arbeid/bransjeerfaring.
  • Har god skriftleg og munnleg framstillingsevne.
  • Er initiativrik, sjølvstendig og resultatorientert.
  • Har evne til å arbeida i tidvis hektiske tilhøve.
  • Har gode samarbeidsevner og er fleksibel.
  • Er genuint fagengasjert med stor interesse for tekniske anlegg og løysingar.
  • Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling:

Som tilsett i Statens vegvesen vert du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ynskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar. Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr

  • Introduksjonsprogram og fadderordning.
  • Fleksitid og gode ordningar for avspasering.
  • Pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse.
  • Etatsskolar og gode høve for fagleg påfyll.
  • Lønna vert avtala nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Søknad

Statens vegvesen skal vera prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegla befolkninga. Vi legg vekt på å leggja arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verta offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. I så fall vert du varsla om det

Kontaktpersoner

Rune B. Sandven
Prosjektleiar
Telefonnummer: 906 53462

Hvem er Statens vegvesen?

Statens vegvesen arbeider for at både gående, syklende, kjørende og kollektivreisende skal komme trygt fram. Vi planlegger, bygger, drifter og vedlikeholder riks- og fylkesveger og har tilsyn med kjøretøy og trafikanter. Som fylkeskommunenes og statens vegadministrasjon bidrar vi med faglig grunnlag for politiske beslutninger og setter dem ut i livet. Vi er en stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidere med bred kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regioner.

Les mer om Statens vegvesen og se flere ledige stillinger