Kontrollingeniør elektro

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 12. august, 2018. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

Om stillinga

Vegseksjon Voss og Hardanger har ledig stilling som kontrollingeniør innan fagområdet elkraftteknikk. Med stadig aukande trafikk og krav til ein trygg og god trafikkavvikling vert det stilt store krav til den elektrotekniske infrastrukturen.

Dette vert løyst mellom anna gjennom avanserte styrings- og overvakingssystem, varslingssystem og betre vegbelysning i tunnelar og langs det øvrige vegnettet.

Stillinga inngår i den regionale byggherrepoolen, og kontorstad er anten på Voss eller i Odda.

Arbeidsoppgåver:

  • Drift og vedlikehald av elektriske installasjonar i tunnelar og veganlegg
  • Ta del i planlegging og anbodsutarbeiding ved oppgradering og nye installasjonar
  • Oppfølging av drifts- og vedlikehaldskontrakter og ordinære byggeprosjekt
  • HMS-ansvar for eigne prosjekt
  • Utvikle vegvesenet sitt drifts- og vedlikehaldssystem
  • Diverse sakshandsaming

Kvalifikasjonskrav:

Du har utdanning frå høgskule med minst 3 år med relevant linje- og fagkombinasjon eller montør gr. L med fagbrev og relevant praksis og etterutdanning.

Om du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

Det er ønskjeleg med røynsle frå installering og drift av industrianlegg. Likeeins kompetanse for å kunne medverke til gjennomføring av internkontrollsystemet for elektrotekniske arbeid.

Du må ha førarkort for bil (klasse B).

Vi legg og vekt på at du:

  • har kunnskap om lover, forskrifter og regelverk innan fagområdet
  • er resultatorientert og tek initiativ til gjennomføring
  • kan arbeida både sjølvstendig og saman med andre
  • at du leverer i samsvar med fastsette mål
  • at du er fleksibel og løysingsorientert
  • er kvalitetsbevisst og god på dokumentasjon

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda

  • Introduksjonsprogram og fadderordning
  • Fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • Pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • Etatsskular og høve til fagleg påfyll
  • Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår. 

Generell informasjon

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verta offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verta varsla.

Kontaktpersoner

Lars Øyre
Seksjonsleiar

Hvem er Statens vegvesen?

Statens vegvesen arbeider for at både gående, syklende, kjørende og kollektivreisende skal komme trygt fram. Vi planlegger, bygger, drifter og vedlikeholder riks- og fylkesveger og har tilsyn med kjøretøy og trafikanter. Som fylkeskommunenes og statens vegadministrasjon bidrar vi med faglig grunnlag for politiske beslutninger og setter dem ut i livet. Vi er en stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidere med bred kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regioner.

Les mer om Statens vegvesen og se flere ledige stillinger