Kontrollingeniør elektro, Haugesund

Stillingsbeskrivelse

Stillingsbeskrivelse

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, driftar og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med

ca. 7500 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

Vi er inne i ein periode med fleire spennande endringsprosessar, noko som vil påverke både struktur og oppgåvesamansetjing.

Om stillingen

I Statens vegvesen Region vest, vegseksjon Haugesund, har vi ledig stilling som kontrollingeniør innan elektrofaget. Med ein stadig aukande trafikk og krav til ein trygg og god trafikkavvikling, vert det stilt store krav til den elektrotekniske infrastrukturen. Dette vert mellom anna løyst gjennom avansert styrings- og overvakingssystem, varslingssystem, ny og betre vegbelysning i tunnelar og langs vegnettet elles. Statens vegvesen har ansvar for å planleggje, prosjektere, implementere og drifte både infrastrukturen og systema. 

Stillinga er knytt til byggherrepoolen i Region vest, for tida med kontorstad Haugesund.

Arbeidsoppgåver

  • Oppfølging av drifts- og vedlikehaldskontratar og ordninære byggeprosjekt. Utøve byggherrefunksjon på vegne av byggeleiar.
  • Utføre kvalitets- framdrifts- og kostnadskontroll.
  • Deltaking i byggemøter etter behov.
  • Teknisk kvalitetskontroll og dokumentasjon i høve byggherren sin kontrollplan.
  • Aktivt arbeid med fokus på HMS og Ytre Miljø.
  • Bistå ved utarbeiding av teknisk sluttrapport.

Kvalifikasjonskrav

  • Utdanning frå universitet, 3-årig høgskule eller 2-årig teknisk fagskule med relevant fagkrins.
  • Fagbrev innan elektro og/eller automasjonsfaget (Gr.L)
  • Omfattande og relevant erfaring innanfor dei aktuelle fagområda kan kompensere for manglande formell utdanning.
  • Stillingane set krav til mobilitet, og vi krev førarkort for bil (klasse B).
  • De som vert tilsett må beherske norsk målføre, skriftleg og munnleg.
  • Allsidig erfaring innan installasjon av elektrotekniske anlegg.
  • Ynskjeleg med erfaring med installering og drift av industrianlegg, samt samferdsleanlegg.
  • Ynskjeleg med erfaring frå prosjektering av sterkstraums elektroanlegg.
  • Ynskjeleg med erfaring/interesse innan EKOM-faget.
  • Kompetanse til å kunne medvirka til gjennomføring av internkontrollsystemet for elektrotekniske arbeider i regionen.
  • Erfaring frå bruk av dataverktøy ved prosjektering (Febdok, AutoCAD).
  • Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, tilrår vi at den vert godkjend av NOKUT (www.nokut.no).

Vi legg vekt på at du:

  • Har kunnskap om lover, forskrifter og regelverk innanfor fagområdet.
  • Har erfaring frå liknande arbeid/bransjeerfaring.
  • Har god skriftleg og munnleg framstillingsevne.
  • Er initiativrik, sjølvstendig og resultatorientert.
  • Har evne til å arbeida i tidvis hektiske tilhøve.
  • Har gode samarbeidsevner og er fleksibel.
  • Er genuint fagengasjert med stor interesse for tekniske anlegg og løysingar.

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling:

Som tilsett i Statens vegvesen vert du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar. Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid

Vi tilbyr

  • Introduksjonsprogram og fadderordning.
  • Fleksitid og gode ordningar for avspasering.
  • Pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse.
  • Etatsskolar og gode høve for fagleg påfyll.
  • Lønna vert avtala nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Søknad

Statens vegvesen skal vera prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegla befolkninga. Vi legg vekt på å leggja arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verta offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. I så fall vert du varsla om det.

Kontaktpersoner

Ann Mari Sandvin Hardeland
Seksjonsleder
Telefonnummer: 51911541

Hvem er Statens vegvesen?

Statens vegvesen arbeider for at både gående, syklende, kjørende og kollektivreisende skal komme trygt fram. Vi planlegger, bygger, drifter og vedlikeholder riks- og fylkesveger og har tilsyn med kjøretøy og trafikanter. Som fylkeskommunenes og statens vegadministrasjon bidrar vi med faglig grunnlag for politiske beslutninger og setter dem ut i livet. Vi er en stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidere med bred kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regioner.

Les mer om Statens vegvesen og se flere ledige stillinger