Kontrollingeniør byggteknikk - Tunneloppgradering

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 06. november, 2018. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

Om stillinga

Statens vegvesen, Region vest, Prosjektavdelinga, har ledige stillingar som kontrollingeniørar innan byggteknikk.

Statens vegvesen skal oppgradera eksisterande tunnelar i fylka Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Dette gjeld tunnelar som er lengre enn 500m på E39/E16 og på riksvegnettet.

Arbeidet starta i 2014.  Prosjektet er planlagt gjennomført i løpet av 2021 (E16/E39) og 2023 (riksvegar).

Oppgraderinga omfattar nytt sikkerheitssystem i dei fleste tunnelane. Ny belysning og ventilasjon, nye naudstasjonar og fleire evakueringsljos. Det kan og vera naudsynt å strossa/sprengja i tunnelprofilet samt leggja nytt overvannssystem og kummar. Nytt vass- og frostsikringsanlegg kan og vera naudsynt. For dei lengste tunnelane er det og aktuelt å sprenge fjellrom for nye tekniske bygg samt montere videokamera/radar og høgtalarar i tunnelen.

Stillingane er knytt til Prosjektavdelinga, prosjekt «Tunneloppgradering Region vest». Kontorstad i Haugesund, Bergen, Matre, Aurland og på noko sikt Nordfjordeid. Stillingane inngår i den regionale byggherrepoolen.

Arbeidstid er generelt frå kl. 22.00 – kl. 05.30, med ei skiftordning der me er ei uke på og ei uke av. Me ynskjer å få meir av oppgraderingsarbeidet utført på dagtid.

Arbeidsoppgåver

  • Oppfølging av entreprenørar i byggefasen. Utøve byggherrefunksjon på vegne av byggeleiar.
  • Utføre kvalitets- framdrifts- og kostnadskontroll.
  • Deltaking i byggemøter etter behov.
  • Teknisk kvalitetskontroll og dokumentasjon i høve byggherren sin kontrollplan.
  • Aktivt arbeid med fokus på HMS og Ytre Miljø.
  • Oppfølging av einskilde driftsrutinar i tunnelen.
  • Oppfølging av trafikkavvikling og arbeidsvarslingsplanar.
  • Risikovurderingar og sikker jobb analysar.
  • Bistå ved utarbeiding av teknisk sluttrapport.

Kvalifikasjonskrav

  • Utdanning frå universitet, 3-årig høgskule eller 2-årig teknisk fagskule med relevant fagkrins.
  • Omfattande og relevant erfaring innanfor dei aktuelle fagområda kan kompensere for manglande formell utdanning.
  • Stillingane set krav til mobilitet, og vi krev førarkort for bil (klasse B).
  • Dei som vert tilsett må beherske norsk målføre, skriftleg og munnleg.
  • 3-5 års erfaring frå anleggsarbeid, men nyutdanna kan også søkja.
  • Generelt gode datakunnskapar.
  • Kjennskap til arbeid i tunnel, så som sprenging/strossing, betongarbeid, vass- og frostsikring.
  • Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, tilrår vi at den vert godkjend av NOKUT (www.nokut.no).

Vi legg vekt på at du

  • Har kunnskap om lover, forskrifter og regelverk innanfor fagområdet.
  • Har erfaring frå liknande arbeid/bransjeerfaring.
  • Har god skriftleg og munnleg framstillingsevne.
  • Er initiativrik, sjølvstendig og resultatorientert.
  • Har evne til å arbeida i tidvis hektiske tilhøve.
  • Har gode samarbeidsevner og er fleksibel.
  • Er genuint fagengasjert med stor interesse for tekniske anlegg og løysingar.
  • Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen vert du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ynskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar. Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr

  • Introduksjonsprogram og fadderordning.
  • Fleksitid og gode ordningar for avspasering.
  • Pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse.
  • Etatsskolar og gode høve for fagleg påfyll.
  • Lønna vert avtala nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Kontaktpersoner

Rune B. Sandven
Prosjektleiar
Telefonnummer: 906 53462

Hvem er Statens vegvesen?

Statens vegvesen arbeider for at både gående, syklende, kjørende og kollektivreisende skal komme trygt fram. Vi planlegger, bygger, drifter og vedlikeholder riks- og fylkesveger og har tilsyn med kjøretøy og trafikanter. Som fylkeskommunenes og statens vegadministrasjon bidrar vi med faglig grunnlag for politiske beslutninger og setter dem ut i livet. Vi er en stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidere med bred kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regioner.

Les mer om Statens vegvesen og se flere ledige stillinger