Kontrollingeniør asfalt - Bergen

Stillingsbeskrivelse

Om stillinga

Lab – og vegteknologiseksjonen har ledig stilling som kontrollingeniør innan asfaltfag og tilslagsmaterialer til vegbygning med kontorstad i Bergen. 

Ein av seksjonen sine hovudoppgåver er å bistå prosjekta i regionen med kontroll av utføring og kvalitet på materiala som vert nytta til vegbygging. Vi utfører felt- og laboratorieundersøkingar innan fagområda betong, steinmateriale, asfalt og geoteknikk.

Seksjonen har to nye sertifiserte analyselaboratorium, både i Bergen og Stavanger, og har i dag 14 medarbeidarar fordelt på desse kontorstadane.  

Det må påreknast ein del reiseverksemd, då arbeidsoppgåvene vil vera i heile regionen.

Arbeidsoppgåver 

  • Teknisk kontroll av asfaltarbeider og tilslagsmaterialar
  • Utføre stikkprøvekontroll av materialar ved bygging / utbetring av veger                                                                                                                                                                           
  • Kontroll av utførselen av arbeidet, med fokus på teknisk kvalitet
  • Bistå utarbeiding av kontrollplaner og gjennomføre kontroll av vegnettet
  • Kontroll av dokumentasjon og rapportere resultat 
  • Følgje opp kvalitetssystem og HMS-arbeid
  • Delta i fag og byggemøter etter behov
  • Analysearbeid på laboratorium ( asfalt og tilslag )

Ein del reising må påreknas, samt noko kvelds -og nattarbeid i dekkeleggingssesongen.

I den tida av året det ikkje er asfaltlegging vil arbeidet bestå av andre kontrolloppgåver , analysearbeid på laboratorium og rapportering.

Ønska bakgrunn

  • Min.  3 års teknisk utdanning innan relevant fagkrins 
  • Lengre erfaring frå tilsvarande arbeid, ev. asfalt , bygg og anlegg
  • Førarkort klasse B og ønsker tilhengar
  • Gode kommunikasjonsevner, både skriftleg og munnleg
  • Gode IT kunnskapar

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

Vi vektlegg

  • Evne til å kunne ta initiativ og jobbe sjølvstendig
  • Er nøyaktig, strukturert og resultatorientert
  • Gode samarbeidsevne og tverrfagleg interesse
  • Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen vert du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ynskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar. Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr

  • Introduksjonsprogram og fadderordning.
  • Fleksitid og gode ordningar for avspasering.
  • Pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse.
  • Etatsskolar og gode høve for fagleg påfyll.

Lønna vert avtala nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vera prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegla befolkninga. Vi legg vekt på å leggja arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Søknad

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verta offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. I så fall vert du varsla om det.

Kontaktperson

Meir utfyllande informasjon om stillinga, kan du få ved å kontakte seksjonsleiar Iris Hackelberg på telefon 97799423.

Kontaktpersoner

Iris Hackelberg
Telefonnummer: 97799423

Hvem er Statens vegvesen?

Statens vegvesen arbeider for at både gående, syklende, kjørende og kollektivreisende skal komme trygt fram. Vi planlegger, bygger, drifter og vedlikeholder riks- og fylkesveger og har tilsyn med kjøretøy og trafikanter. Som fylkeskommunenes og statens vegadministrasjon bidrar vi med faglig grunnlag for politiske beslutninger og setter dem ut i livet. Vi er en stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidere med bred kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regioner.

Les mer om Statens vegvesen og se flere ledige stillinger