Kontor for bompengeforvaltning søkjer medarbeidar til arbeid med tilsyn av bompengeselskapa

Tilsynssaksbehandlar

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 13. desember, 2018. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

 Er du vår nye tilsynssaksbehandlar?

 Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør medca. 7000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

Om oss

Kontoret har 8 medarbeidarar og inngår i Seksjon for brukerfinansiering i Vegdirektoratet. Kontoret har ansvaret for å kvalitetssikre det faglege grunnlaget for nye bompengeordningar i Noreg før politisk behandling i regjeringa og Stortinget. Kontoret har ansvaret for å sikre at bompengeselskapa driv verksemda si i tråd med inngåtte bompengeavtalar. I tillegg skal kontoret godkjenne nye utferdarar av bompengebrikker og føre tilsyn med utferdarverksemda. Kontoret har òg ansvar for å forvalte og vidareutvikle relevante avtalar mellom staten og bompengeselskapa og å hente inn grunnlagsdokumentasjon til statistikk. Kontoret har ein del utgreiingssoppgåver knytte til bompengeinnkrevjing.

Vi er inne i ein periode med fleire spennande endringsprosessar, noko som vil påverke både struktur og oppgåver.

Om stillinga

I samband med reformering av bompengesektoren er Statens vegvesen delegert ansvaret med å godkjenne aktørar og utstyr, og å følgje opp sektoren gjennom systematisk kontroll og tilsyn. Vi søkjer derfor etter deg som vil vere med å utvikle og setje i verk desse funksjonane. Innan samferdselssektoren er det lagt opp til systemtilsyn. I eit systemtilsyn vil ein ha merksemda på verksemdene sitt systematiske arbeid for å vareta regelverket. Regelverksutvikling vil vere ein viktig del av kontroll- og tilsynsarbeidet.

  • Arbeidsoppgåver innan kontroll- og tilsynsområdet
  • Leggje planar for gjennomføring av kontroll- og tilsynsoppgåvene
  • Kontroll og tilsyn av bompengeselskap og utferdarar etter fastsette reglar og føresegner
  • Kontroll og tilsyn av teknisk utstyr slik at desse tilfredsstiller fastsette krav
  • Vidareutvikle kontroll- og tilsynsprosedyrar
  • Vidareutvikle reglar og føresegner
  • Følgje opp utferdarmarknaden
  • Rådgiving overfor sektoren

Kvalifikasjonskrav

Du må ha mastergrad eller tilsvarande utdanning frå universitet eller høgskule innan tekniske, juridiske, økonomiske eller samfunnsvitskapelege fag. Omfattande og relevant erfaring innanfor dei aktuelle fagområda kan kompensere for manglande formell utdanning.

Stillinga krev at du har god skriftleg og munnleg formuleringsevne på norsk

Erfaring frå tilsynsverksemd vil bli tillagt vekt og kjennskap til prinsippa for systemtilsyn vil vere ein fordel.

Vi ønsker oss ein medarbeidar som har/er:

  • stor arbeidskapasitet og trivst med å jobbe i eit tverrfagleg miljø
  • Sjølvstendig, med god vurderingsevne og rolleforståing
  • Gode evner til samarbeid
  • Stort engasjement og fagleg utvikling
  • Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidas løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver som gjer at du får utvikle deg både fagleg og personleg.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • Introduksjonsprogram og fadderordning
  • Fleksitid og gode ordningar for å avspasere
  • Pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • Gode mogelegheiter for fagleg påfyll
  • Triveleg arbeidsmiljø i eit flott og lyst kontorbygg ved Alnaelva på Bryn i Oslo med gode offentlege kommunikasjonshøve
  • Lønn blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.
  • Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Kontaktperson

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall bli varsla.

Kontaktpersoner

Brita Bye
Kontorleiar
Telefonnummer: +47 91 69 16 18.

Hvem er Statens vegvesen?

Statens vegvesen arbeider for at både gående, syklende, kjørende og kollektivreisende skal komme trygt fram. Vi planlegger, bygger, drifter og vedlikeholder riks- og fylkesveger og har tilsyn med kjøretøy og trafikanter. Som fylkeskommunenes og statens vegadministrasjon bidrar vi med faglig grunnlag for politiske beslutninger og setter dem ut i livet. Vi er en stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidere med bred kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regioner.

Les mer om Statens vegvesen og se flere ledige stillinger