Konsulent/Ingeniør

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 12. januar, 2020. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

100 % fast stilling ledig for tiltreding etter avtale. 

Det er oppretta ei ny stilling som inngår i arbeidet med forvaltning av eigedomsskatt. Stillinga er organisert i avdeling for Eigedomsdata og oppmåling, som er ei av fem avdelingar i verksemd Plan, byggesak og geodata innan kommunalområde Miljø, by- og stadutvikling. Avdelinga arbeider med oppmåling av eigedommar etter matrikkellova, forvaltning av eigedomsskatt etter eigedomsskattelova og seksjonering etter eigarseksjonslova. I dag har kommunen ei stilling knytt til eigedomsskatt. Alt arbeid i avdelinga vert utført ved bruk av tidsmessige digitale verktøy, og vi arbeider heile tida for å digitalisere og effektivisere  arbeidsprosessar. Arbeidsstad er rådhuset i Ålesund kommune.  

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene vert i hovudsak knytt til forvalting av eigedomsskatt. I perioder kan andre arbeidsoppgåver vere aktuelle, som bla. kvalitetsheving av matrikkelen. Arbeidsoppgåvene kan bli noko tilpassa for den som skal tilsettast i stillinga. Kommunen bruker systema IsyProaktiv og Visma i arbeidet med eigedomsskatt og kommunale avgifter. Det vert tilrettelagt for god opplæring i eit aktivt og godt arbeidsmiljø, med medarbeidarar som held eit høgt fagleg nivå. Vi går spennande tider imøte med å byggje den nye kommunen, og er avhengig av styrke staben i avdeling for Eigedomsdata og oppmåling.

Kvalifikasjonar

  • Primært teknisk utdanning. 
  • Gjerne med kompetanse innanfor økonomi.
  • Tidlegare arbeid med eigedomsskatt er ein fordel, men ikkje eit vilkår.  
  • Søkar må beherske norsk skriftleg og munnleg.  
  • Førarkort klasse B.  
  • God erfaring innanfor arbeidsfeltet kan kompensere for manglande formell utdanning.

Personlege eigenskapar

  • God kommunikasjonsevne, både munnleg og skriftleg.  
  • Løysingsorientert, med gode kunnskapar innan EDB.
  • Evne til å arbeide både i team og sjølvstendig

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø med varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Engasjerte kollegaer med brei kompetanse innanfor sitt fagområde. 
  • Gode mulegheiter for faglig utvikling.  
  • Løn- og stillingsbetegnelse blir vurdert etter utdanning og relevant erfaring.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP.
  • Øvrige arbeidsvilkår, rettar og pliktar er i samsvar med lov, forskrift og avtale.  

Kontaktpersoner

Per Anders Aure
Avdelingsleiar
Telefonnummer: 701 62 642
Torill Homberset
Avdelingsingeniør
Telefonnummer: 70 16 26 03

Hvem er Nye Ålesund kommune?

Kommunane Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund skal danne ein ny kommune frå 01. januar 2020. Kommunen skal heite Ålesund. Den blir den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen vil ha rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.

Kommunen blir ein stor arbeidsgjevar med sine over 5.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet, vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».

Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er nye Ålesund kommune eit spennande alternativ.