Konsulentar / Seniorkonsulentar

Stillingsbeskrivelse

Tussa IKT

Tussa IKT AS er eit dotterselskap i Tussakonsernet og har om lag 70 tilsette og har Nordvestlandet sitt største IKT-miljø. Selskapet har hovudkontor i Hovdebygda i Ørsta, og har avdeling i Ålesund.

Tussa IKT har to forretningsområde: IT og kommunikasjon.

Breibandsnettet til Tussa dekkjer heile søre Sunnmøre, og selskapet har ei offensiv fibersatsing mot privatmarknaden og bedriftsmarknaden. Parallelt med dette blir det satsa sterkt på IT-tenester til næringslivet. Ei eiga konsulentavdeling utfører interne og eksterne oppdrag innanfor områda mobilitet, nettverk, sikkerheit, datalagring, serverteknologi og applikasjonsdrift.

Om stillinga

Tussa IKT er i vekst og ønskjer å knyte til seg fleire konsulentar/seniorkonsulentar. Vi søkjer dyktige og initiativrike medarbeidarar som har kompetanse innan fleire av følgjande fagområde:

  • Azure, Microsoft 365, Intune, SharePoint og Power BI
  • Citrix, Netscaler og 3D løysingar
  • Operativsystem Linux og Microsoft
  • Vidareutvikle den digitale arbeidsplassen for kundane våre
  • Design, implementering og forvalting av skyløysingar
  • Rådgiving og prosjektleiing innan fagområda

Oppmøtestad vil vere Tussa sitt kontor i Ørsta eller Ålesund

Kvalifikasjonskrav

  • Relevant IT-utdanning og erfaring innan fleire av dei nemde fagområda
  • Gode kunderelasjonar og erfaring med å halde kurs er ønskjeleg

Personlege eigenskapar vil verte vektlagt

Vi kan tilby

  • Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i eit selskap med høg aktivitet
  • Eit uformelt arbeidsmiljø som legg vekt på personleg utvikling, sjølvstende og trivsel
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Kontaktinformasjon

Fleire opplysningar om stillinga får du på tlf. 70 04 62 00 hos Avdelingsleiar Konsulent Øyvind Lislevatn eller Leiar forretningsområde IT Karl Johan Kvernland

Hvem er Tussa?

Tussa er eit leiande energi- og kommunikasjonskonsern med hovudkontor i Ørsta kommune på Sunnmøre.

Over 200 medarbeidarar jobbar i konsernet, med oppgåver innanfor kraftproduksjon, kraftomsetning, IKT og installasjon.