Konstruksjonsingeniørar til Hardangerkontoret

Stillingsbeskrivelse

Norconsult Hardanger og Voss er eit kontor i vekst som utfører spanande og varierte oppdrag i eit godt arbeidsmiljø.

Kontoret har 28 medarbeidarar, tverrfagleg samansett innanfor fagområda arkitektur, arealplanlegging, konstruksjonsteknikk, akustikk, byggeleiing, landmåling, elektro, kommunalteknikk, geoteknikk og ingeniørgeologi. Me har stor pågang av nye spanande og tverrfaglege oppdrag i eit stort geografisk område. Desse vert ofte gjennomført i tett samarbeid med våre nabokontor i Region Vest og hovudkontor i Sandvika, eller med andre Norconsultkontor. Norconsult Hardanger og Voss har kontorlokalitetar i Odda,  Eidfjord og på Voss.

Me søkjer etter både erfarne og nyutdanna ingeniørar. Det er ein føresetnad at de er kreative og engasjerte, - og at de har fagleg engasjement og stor arbeidsglede.

Ynskjelege kvalifikasjonar:

  • MSc/BSc Bygningsingeniør/konstruksjoningeniør 
  • Interesse for prosjektering og prosjektgjennomføring 
  • God evne til både skriftleg og munnleg framstilling
  • Vera open for eit breitt tverrfagleg samarbeid
  • Kompetanse innan digitale verktøy; (Helst Revit/AutoCad, samt dimensjoneringsverktøy)
  • Vera positiv og kreativ med evne til å gjera medarbeidarane rundt deg gode

Hos oss får du:

  • Gode løns- og arbeidsvilkår
  • Store faglege utfordringar der du kan utvikla deg gjennom spanande prosjekt saman med flinke kollegaer
  • Aktivt fagnettverk
  • Godt arbeidsmiljø
  • Fokusering på kompetanse- og personalutvikling
  • Studieturar, ulike sosiale arrangement, firmahytter mm

Søknad med CV, vitnemål, attestar og vedlegg skal sendast via vårt elektroniske søknadsskjema på våre internettsider www.norconsult.no.

Norconsult er Norges største rådgiverbedrift. Våre tjenester er rettet mot samfunnsplanlegging, prosjektering og arkitektur. Selskapet er eid av våre over 3 800 medarbeidere som er stasjonert på 96 kontorer i hele verden. Hovedkontoret ligger i Sandvika utenfor Oslo.

Kontaktpersoner

Endre Lægreid
Kontorleder
Telefonnummer: 95758806

Hvem er Norconsult?

Norconsult AS er med sine 3800 ansatte Norges største flerfaglige rådgiver rettet mot samfunnsplanlegging og prosjektering. Vi leverer tjenester nasjonalt og internasjonalt knyttet til bygg og eiendom, energi, industri, miljø, olje og gass, samferdsel, samfunnsplanlegging, sikkerhet og vann og avløp. Selskapet som er eid av de ansatte har hovedkontor i Sandvika og mer enn 96 andre kontorer i Norge og utlandet.

Les mer om Norconsult og se flere ledige stillinger