Kommunikasjonsrådgjevar

Stillingsbeskrivelse

Fast stilling som kommunikasjonsrådgjevar i Tromsø eller Bodø

Kommunikasjonsstaben i Statens vegvesen Utbygging er blant dei største kommunikasjonsfagmiljøa innan samferdsle og utvikling av vegsektoren i Norge. Kommunikasjonsrådgjevarane jobbar over heile landet, og har mange og viktige roller for at organisasjonen skal nå sine  mål. Vi har spesialistar, strategar, kompetansebyggjarar og produsentar i ein stab på 15 medarbeidarar. Ein av desse går snart av med pensjon, og no ser vi etter hans erstattar.

Stillinga består av strategiske og operative kommunikasjonsoppgåver, både eksternt og internt, i heile utbyggingsområde nord. Du kjem særleg til å arbeide med kommunikasjon på pågåande vegprosjekt og prosjekt som er under planlegging i det aktuelle området.

Oppgåver du kjem til å jobbe mykje med
  • utarbeide pressemeldingar, nærinformasjon, brosjyrar og annonsetekstar
  • lage og publisere nyhendesaker til vegvesen.no og intranettet vårt
  • foto/video (inkludert redigering)
  • lage enkle kommunikasjons- og tiltaksplanar for prosjekta du følgjer opp
  • lage og publisere innhald i sosiale medium
  • språkvask
  • lage og halde presentasjonar

I tillegg til desse oppgåvene blir du ein del av medievaktordninga vår, samt andre fellesoppgåver som staben har ansvaret for.

Kvalifikasjonar

Vi ser etter deg som helst har relevant utdanning på masternivå og god erfaring med både strategisk og operativt kommunikasjonsarbeid. Det er ein fordel at du har kjennskap til og forståing av offentleg forvaltning og politiske prosessar.

Du formulerer deg godt både munnleg og skriftleg, og du er flink til å samarbeide og skape tillitsfulle relasjonar. Samtidig må du vere sjølvstendig og strukturert i arbeidet og ha ein vilje til å stå og gå på.

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Arbeidsstaden din blir Vegvesenet sitt kontorbygg i Tromsø eller Bodø. Løn blir avtala nærmare i samsvar med vår lønspolitikk.

Søknad

Statens vegvesen meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ynskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv, for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som treng det.

Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en, eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalle inn minst éin søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar frå desse gruppene, må du oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgivarportalen.

Viss du høyrer til ei av desse gruppene, oppfordrar vi deg til å melde frå om dette ved å krysse av for det i jobbsøkarportalen. Avkryssinga i jobbsøkarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk, som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Dersom du ynskjer meir informasjon om stillinga, ta kontakt med leiar for Kommunikasjonsstaben Utbygging, Arne Eithun, på mobil 970 55 223.

Hvem er Statens vegvesen?

Statens vegvesens vil lede an i utviklingen av et effektivt, sikkert og helhetlig transportsystem tilpasset morgendagens behov og teknologi. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på vei og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.

Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet smarte, trygge og miljøriktige transportvalg.

Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks nyetablerte divisjoner.

Les mer om Statens vegvesen og se flere ledige stillinger