Kommunikasjonsrådgiver Midt

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 18. desember, 2020. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

Stillingsbeskrivelse

Kommunikasjonsstaben i Statens vegvesen Utbygging er blant dei største kommunikasjonsfagmiljøa innan samferdsle og utvikling av vegsektoren i Norge. Kommunikasjonsrådgjevarane jobbar over heile landet, og har mange og viktige roller for at organisasjonen skal nå sine  mål. Vi har spesialistar, strategar, kompetansebyggjarar og produsentar i ein stab på 15 medarbeidarar. Ein av desse sluttar snart, og no ser vi etter ein erstattar.

Stillinga består av strategiske og operative kommunikasjonsoppgåver, både eksternt og internt, i heile utbyggingsområde midt. Du kjem særleg til å arbeide med kommunikasjon på pågåande vegprosjekt og prosjekt som er under planlegging i det aktuelle området.

Arbeidsstaden blir Vegvesenet sitt kontorbygg i Trondheim eller Molde.

Arbeidsoppgåver

Oppgåver du kjem til å jobbe mykje med:

  • utarbeide pressemeldingar, nærinformasjon, brosjyrar og annonsetekstar
  • lage og publisere nyhendesaker til vegvesen.no og intranettet vårt
  • foto/video (inkludert redigering)
  • lage enkle kommunikasjons- og tiltaksplanar for prosjekta du følgjer opp
  • lage og publisere innhald i sosiale medium
  • språkvask
  • lage og halde presentasjonar

I tillegg til desse oppgåvene blir du ein del av medievaktordninga vår, samt andre fellesoppgåver som staben har ansvaret for.

Kvalifikasjonskrav

Vi ser etter deg som helst har relevant utdanning på masternivå og god erfaring med både strategisk og operativt kommunikasjonsarbeid. Det er ein fordel at du har kjennskap til og forståing av offentleg forvaltning og politiske prosessar.

Du formulerer deg godt, både munnleg og skriftleg, og du er flink til å samarbeide og skape tillitsfulle relasjonar. Samtidig må du vere sjølvstendig og strukturert i arbeidet og ha ein vilje til å stå og gå på.

Du må ha førarkort klasse B.

Stort engasjement og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidas løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver som gjer at du får utvikle deg, både fagleg og personleg.

Vi tilbyr deg også desse fordelane:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • god pensjonsordning og moglegheit for lån i Statens pensjonskasse
  • interne studier og høve for fagleg påfyll

Løna di blir avtalt i samsvar med vår lønspolitikk.

Statens vegvesen meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ynskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv, for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som treng det. 

Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV - en, eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalle inn minst éin søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar frå desse gruppene, må du oppfylle visse krav. Viss du høyrer til ei av desse gruppene, oppfordrar vi deg til å melde frå om dette ved å krysse av for det i jobbsøkarportalen. Avkryssinga i jobbsøkarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk, som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søknaden din kan bli offentliggjorde sjølv om du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste. Du vil bli varsla om dette.

Ynskjer du å vite meir om stillinga?

Ta kontakt med leiar for Kommunikasjonsstaben Utbygging, Arne Eithun, på mobil 970 55 223.

Kontaktpersoner

Arne Eithun
Leiar for Kommunikasjonsstaben Utbygging
Mobil: 970 55 223

Hvem er Statens vegvesen?

Statens vegvesens vil lede an i utviklingen av et effektivt, sikkert og helhetlig transportsystem tilpasset morgendagens behov og teknologi. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på vei og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.

Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet smarte, trygge og miljøriktige transportvalg.

Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks nyetablerte divisjoner.

Les mer om Statens vegvesen og se flere ledige stillinger