Kommuneplanleggjar/miljørådgjevar

Vi søkjer etter ein medarbeidar innan plan- og miljøområdet.

Stillingsbeskrivelse

Aktuelle oppgåver er utarbeiding av kommunal planstrategi, revidering av kommuneplanen (samfunnsdelen og arealdelen), utarbeiding av kommunedelplanar og faglege analysar (m.a. stads- og moglegheitsanalysar) som grunnlag for dette planverket. Til stillinga ligg også oppgåver som miljørådgjevar, med ansvar innan klima- og klimatilpassing, verne- og utbyggingsplanar i LNF-område og andre miljørelaterte oppgåver.

Stillinga har krav om minst 3-årig høyskole-/universitetsutdanning. Det er ynskjeleg med master innanfor planlegging eller naturforvaltning og erfaring frå kommunal planlegging og frå miljøområdet.

Søkjarar må ha god formuleringsevne munnleg og skriftleg og gode analytiske evner og interesser for fagområdet. Vi søkjer deg som er ansvarsbevisst og initiativrik, og som har ei positiv haldning til tverrfagleg teamarbeid.

Vi kan tilby:

  • utfordrande stilling i ein kommune i stor utvikling
  • godt arbeidsmiljø med positive og dyktige medarbeidarar
  • konkurransedyktig lønn
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • gode lønns- og arbeidsvilkår
  • eit godt sosialt og sterkt tverrfagleg arbeidsmiljø, med faglege utfordringar og gode mogelegheiter for personleg utvikling

Nærare opplysningar ved leiar for næring, plan og byggesak, Kjell Håvard Tuv, tlf. 61 35 25 27. Søknad skal merkast med arkivsak 19/1094.

Søknad skal sendast elektronisk via våre internettsider.

Søknadsfrist: 27. juni 2019

Kontaktpersoner

Kjell Håvard Tuv
Leiar for næring, plan og byggesak
Telefonnummer: 61 35 25 27

Hvem er Øystre Slidre kommune?

Kan du tenkje deg ein spanande og utfordrande jobb i kombinasjon med ein natur som inviterer til topptur i Jotunheimen? Sti- og terrengsykling? Klatring? Lang skisesong? Milevis med skiløyper? Uendeleg med stiar og rike moglegheiter for jakt og fiske?

Dette finn du særleg rett utanfor døra på Beitostølen, men også i resten av kommunen. Du finn også eit rikt kulturliv i kommunen og i Valdres.

Øystre Slidre er ein kommune med vekst i folketalet og med mange nye spanande arbeidsplassar. Kommunen planlegg for at denne positive utviklinga skal halde fram. Vi håper du vil bli med på dette laget!