Kommuneplanleggar

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 16. mai, 2022. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

Arbeidsomtale

Ansvarsområde/viktige arbeidsoppgåver:

  • Overordna arealplanlegging, kommuneplanens arealdel og kommunedelplanar.
  • Utarbeide og saksbehandle kommunale reguleringsplanar.
  • Saksbehandle private reguleringsplanar.
  • Vere oppdatert på relevant lovverk, særleg plan- og bygningslova.
  • Anna saksbehandling for administrativt og politisk nivå.
  • Vedlikehald av kommunens digitale planregister og planbase.
  • Bindeledd mellom kommunen og fagmiljø innom arealforvalting på regionalt/statleg nivå.

Kvalifikasjonskrav:

  • Mastergrad innan fagområdet arealplanlegging er ynskjeleg.
  • Alternativt kan minimum 3-årig relevant høgskule- eller universitetsutdanning vere aktuelt.
  • Fagområde som samfunnsvitskap, gis/geodata, naturforvalting og/eller juridiske fag vil også bli vurdert.
  • Solid erfaring kan kompensere for manglande formell kompetanse.
  • God kunnskap og erfaring med bruk av relevante digitale verktøy og hjelpemiddel.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne. Norskkunnskap på minimum språkprøve nivå B2.

Vi ser etter deg som:

  • Har variert kompetanse innan kommunal arealplanlegging på overordna og detaljnivå.
  • Har kunnskap om relevant lovverk, planutforming og kommunal plansaksbehandling.
  • Har forståing for samspelet mellom politisk og administrativt nivå i planprosessar.
  • Har interesse for, og kunnskap om, lovbruk, analyse og statistikk.
  • Er sjølvstendig og fleksibel og forstår det å byggje nettverk internt og eksternt.
  • Kan jobbe konsentrert og trivst med å planlegge og å skrive saker.

For stillinga

  • Løn etter Hovudtariffavtala. Tilsetjingsvilkår etter gjeldande lov og kommunen sitt reglement.
  • Køyregodtgjering etter statens satsar.
  • Gode utviklingsmoglegheiter i eit godt arbeidsmiljø.
  • Fokus på kompetanseheving og fagutvikling.

Som tilsett i Nissedal kommune blir du meldt inn i KLP (Kommunal Landspensjonskasse).

Anna

Kopi av vitnemål og attestar skal leverast i samband med intervjuet. Både Kviteseid og Nissedal kommunar nyttar nynorsk som målform.

Offentleggjering

Søkjarar kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om å bli unnateke for offentligheit. Dersom ønsket ikkje blir innfridd, vil søkaren bli varsla om dette. (Offentleglova § 25).

Kontaktperson

Sveinung Seljås, kommunalsjef plan og næring, mobil: +47 415 63 995, sveinung.seljas@nissedal.kommune.no

Søknadsfrist: 16.05.2022.

Kontaktpersoner

Sveinung Seljås
kommunalsjef plan og næring

Hvem er Nissedal kommune ?

Nissedal kommune ligg sør i Vest-Telemark, og er ein kommune i vekst. Treungen er administrasjonsstaden, og andre tettbygde stader er Kyrkjebygda, Fjone, Haugsjåsund og Felle.

Nisser er ein av dei største innsjøane i Telemark og er eit dominerande landskapsmerke med innbydande sandstrender og svaberg omkransa av blankskura og høgreiste fjell. Den fire mil lange og 250 meter djupe innsjøen inneheld reint, klårt drikkevatn.