Kommunalsjef samfunnsutvikling 2. gongs utlysing

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 18. november, 2018. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

Vil du bli vår nye kommunalsjef - i sektor for samfunnsutvikling?

Er du ein leiar som brenn for samfunnsutvikling og vil du vere med  å utvikle  lokalsamfunnet? Er du ein tydeleg og handlekraftig relasjonsleiar? Har du innovative evner som ser samfunnsutvikling som eit verkemiddel til å realisere viktige verdiar for innbyggarar og tenester i tida framover ?

Då kan vi tilby ei unik og spennande stilling i eit utviklande miljø!

Vi har store målsetjingar og krav og ønskjer at du arbeidar strategisk og kan vise til sterk gjennomføringsevne. Du må vere samlande og vise til at du kan samle sektoren om felles mål og utfordringar. Du er god på kommunikasjon, organisasjonsutvikling, service , personalforvaltning og økonomistyring.

Som kommunalsjef må du arbeide hardt for å legge til rette for vekst og utvikling. Du vil vere ein del av ein utviklingsorientert organisasjon som spelar på lag med næringslivet og lokalsamfunnet, ein av suksessfaktorane som kjenneteiknar Herøysamfunnet i dag!

Sektor for samfunnsutvikling er ei eiga resultateining i Herøy Kommune med spanande og utfordrande arbeidsoppgåver innanfor areal- og samfunnsplanlegging, folkehelse, næringsutvikling, grunnerverv, byggesak, kartverk/oppmåling, kultur, landbruk, teknisk infrastruktur, utbygging anlegg, brann.

Sektoren har eit særskilt ansvar i å møte samfunnsmessige endringar og utfordringar, herunder befolkningsutvikling, bustadbygging, offentleg infrastruktur og  interkommunalt samarbeid.

Herøy er og skal vere ei næringsvennleg kommune med fokus på den aktive rolla som tilretteleggjar for næringsetableringar og oppfølging av eksisterande næringsliv.

Kommunalsjefen skal vere ei drivkraft i sektor for samfunnsutvikling og den nye sjefen vår skal leie og vidareutvikle eit tverrfagleg kompetansemiljø, der evna til å spele på ulike fagkompetansar for heilskaplege løysningar vert lagt vekt på.

Sektoren leverer tenester til einingar internt i kommunen, og tenester til innbyggjarar, eksterne verksemder og nabokommunar. Evne og vilje til samarbeid er såleis ein føresetnad for å lukkast i rolla. Stillinga inngår i rådmannen si strategiske leiargruppe som har fokus på heilskapleg og samordna utvikling av kommunen som tenesteleverandør, forvaltningsorgan og samfunnsutviklar.

Du vil få særleg ansvar for områda areal- og samfunnsplanlegging, folkehelse, næringsutvikling, grunnerverv, byggesak, kartverk/oppmåling, kultur, landbruk, teknisk infrastruktur, utbygging anlegg og brann. Dette inneber og eit overordna ansvar for om lag 53 medarbeidarar. Vi søker deg som er lyttande, målretta og utviklingsorientert, og som har gode føresetnader til å lykkast som leiar.

Kvalifikasjonar:

  • Høgare relevant utdanning frå universitet eller høgskule.
  • Arkitektfagleg kompetanse er ei styrkje
  • Ønskjeleg med leiarutdanning.
  • Relevant leiarerfaring frå overordna nivå.
  • Ønskjeleg med erfaring frå prosjektleiing og overordna planprosessar.
  • Ønskjeleg med innsikt i offentlege avgjerdsprosessar og samspelet mellom politikk/adm.
  • Erfaring frå budsjettarbeid og økonomistyring.
  • Gode evner til kommunikasjon og samhandling.
  • Har stort engasjement og evna til å bygge lag.
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Vi kan tilby deg:

  • Ei fantastisk interessant og utfordrande stilling i ein organisasjon i stadig utvikling.
  • Moglegheit for personleg og fagleg utvikling.
  • Godt arbeidsmiljø og engasjerte kollegaer.
  • Konkurransedyktig løn og arbeidsvilkår.
  • Pensjons- og forsikringsordning i KLP.

Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål. I Herøy kommune er det viktig for oss å vise respekt, ha tillit og fremje samhandling. Kjerneverdiane skal hjelpe oss til å nå visjonen vår: «Herøy, ei båtlengd føre».

Søknaden skal leverast elektronisk

  • Stillingsid: 820
  • Stillingsstorleik: 100%

Intervju:

Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn. Tilsettinga skjer på dei vilkår som går fram av gjeldane tariffavtale, lover og reglement. Tilsetjingsavtale vert inngått med 6 månaders prøvetid.

Kontaktpersoner

Olaus J Kopperstad
Rådmann
Telefonnummer: +47 951 31 204