Køyretøykontrollørar Haugesund - Stavanger

Stillingsbeskrivelse

Om stillingane

Statens vegvesen arbeidar etter nullvisjonen, med eit delmål for 2010-2019 der drepne og hardt skadde i trafikken skal reduserast med minst ein tredel innan 2020.

Trafikant– og køyretøyavdelinga bidreg aktivt til visjonen gjennom m.a. målretta kontrollverksemd av tunge og lette køyretøy i kontrollhall og på veg og vi søkjer no etter to køyretøykontrollørar med interesse for trafikktryggingsarbeid køyretøy. Tenestestad er Haugesund og Stavanger.

Arbeids- og ansvarsområder: 

  • Som køyretøykontrollør skal du gjennomføre kontroll av tunge og lette køyretøy hovudsakeleg i kontrollhall, men også på veg.
  • Du får også ansvar for sakshandsaming og informasjons-verksemd knyta til køyretøy.
  • Du vil inngå i ei faggruppe med kontrollørar som har tenestestad i Haugesund og Stavanger. Noko reiseverksemd må påreknast  

Kvalifikasjonskrav

  • Som køyrekontrollør må du ha god kompetanse innanfor tekniske fag,
  • Vi søkjer difor etter deg som har utdanning som ingeniør innan mekaniske fag, og/eller fagbrev som bilmekanikar eller annan relevant utdanning og erfaring som mekanikar Det er ønskeleg med min. 2 års relevant arbeidserfaring.
  • Interesse for køyretøy og handheving av regelverk er ein føresetnad, og erfaring frå verkstadbransjen er ønskeleg. Grundig opplæring gjennom etaten si Trafikant- og køyretøyutdanning vil bli gjeve. 
  • Stillinga inneberer mykje kontakt med kundar og gode kommunikasjonsferdigheter er ein føresetnad for å lukkast i stillinga. Du som blir tilsett må difor beherske norsk skriftlig og munnleg, og kunnskap i andre språk som til dømes engelsk, og tysk vil vere ein fordel.
  • Det er vidare ein føresetnad at du beherskar godt data som arbeidsverktøy, og har minimum førarkort klasse B/BE. Du må fylle krava til å kunne erverve førarkort i tyngre klasser. Vandelsattest må kunne framleggas.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ønskjer vi ei autorisert oversetning av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

Vi vil i tillegg særleg vektleggje personlege eigenskapar og haldningar, så som:

  • kunne sjå viktigheita av myndighetsoppgåva og utøve dette på ein god måte
  • kunna arbeida systematisk og nøyaktig etter gjeldande regelverk
  • evne til å arbeida sjølvstendig og saman med andre  evne til å bidra positivt til eit godt arbeidsmiljø god sjølvinnsikt og høg integritet 

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsrettaløysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda: 

  • Introduksjonsprogram og fadderordning 
  • Pensjonsordning og muligheit for lån i Statens pensjonskasse 
  • Etatsskular og høve til faglig påfyll
  • Lønn vert fastsett etter nærmare avtale etter etatens lønnspolitikk, og det trekkas 2 prosent pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse.

Søknad

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Hvem er Statens vegvesen?

Statens vegvesen arbeider for at både gående, syklende, kjørende og kollektivreisende skal komme trygt fram. Vi planlegger, bygger, drifter og vedlikeholder riks- og fylkesveger og har tilsyn med kjøretøy og trafikanter. Som fylkeskommunenes og statens vegadministrasjon bidrar vi med faglig grunnlag for politiske beslutninger og setter dem ut i livet. Vi er en stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidere med bred kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regioner.

Les mer om Statens vegvesen og se flere ledige stillinger