Køyretøykontrollør

Køyretøykontrollør Førde trafikkstasjon

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 19. mars, 2021. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

Om stillinga

I Statens vegvesen, Trafikant og køyretøydivisjonen, Køyretøy Vest B er det ledig fast stilling som køyretøykontrollør i hallkontroll. Område Vest B dekker alle trafikkstasjonane og utekontroll lette køyretøy i Vestland. Tenestestad vil vere ved Førde trafikkstasjon, men periodevis kan det førekomme arbeid ved andre trafikkstasjonar (Voss, Bergen og Nordfjordeid)

Ansvarsområdet er innafor køyretøytekniske operative oppgaver, samt kundehandsaming og fyrstelinehandsaming av saker innafor køyretøyområdet generelt.

Ved utekontroll må noko reisetid påreknast, og det vil også førekomme forskyvd arbeidstid.

Arbeidsoppgåver
  • Teknisk kontroll av køyretøy i hall, lette og tyngre køyretøy
  • Årskontroll farleg gods (ADR)
  • Sakshandsaming innafor køyretøyområdet
  • Verifisering av dokumentasjonar for godkjenning av køyretøy
  • Kontroll av lette køyretøy langs veg.
  • Andre arbeidsoppgåver kan påleggast etter behov.
  • Stillinga inneber mykje kontakt med kundar når du gjennomfører køyretøykontroll.
Kvalifikasjonskrav
  • Vi spør primært etter utdanning frå universitet eller høgskule min. 3 år, frå maskin eller bilteknisk linje, men utdanning som fagarbeidar (bilmekanikar med fagbrev) eller anna relevant utdanning vil bli vurdert. Fagbrev på tyngre køyretøy er ein fordel.
  • Omfattande og relevant erfaring innan dei aktuelle fagområda kan kompensere for manglande formell utdanning
  • Erfaring frå offentleg sakshandsaming er ein fordel
  • Gode datakunnskaper
  • For stillinga vil køyretøyteknisk erfaring bli vektlagd
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagd

Etter tilsetjing, er det krav om gjennomføring av etatens modulbaserte opplæring. Dette er ein kombinasjon av samlingsbasert opplæring, e-læring og praktiske oppgåver med praksisvegleiing på arbeidsplassen.

Du må ha førarkort klasse B, samt fylle vilkåra for førarrett i dei andre førarkortklassane som er naudsynte for å utføre jobben.

Personlege eigenskaper

  • Du har «stå på vilje» og evne til å prioritere fortløpande
  • Du kommuniserar godt med ulike typar mennesker.
  • Du likar kundehandsaming og evnar å finne god balanse mellom å utøve ei myndigheitsrolle og ha ein roleg og trygg framtoning i møte med mennesker.
  • Du samarbeider godt, og veit kva det vil si å vere ein god lagspelar.
  • Du jobbar ryddig og strukturert, og tar eit etisk ansvar for å gjere jobben din på ein god måte.
  • Bidreg du i tillegg til eit godt arbeidsmiljø, er du den vi ser etter!
  •  Plettfri vandel er ein føresetnad.

Dersom du har tatt heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert omsetjing av papira dine og godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no)

Stort engasjement og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidas løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver som gjer at du får utvikle deg både fagleg og personleg.

Vi tilbyr deg også desse fordelane:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • god pensjonsordning og moglegheit for lån i Statens pensjonskasse
  • interne studier og gode høve for fagleg påfyll

Løna di blir avtalt i samsvar med vår lønspolitikk.

Statens vegvesen meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ynskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, li vserfaring og perspektiv, for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som treng det.  Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV - en, eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalle inn minst éin søk ar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar frå desse gruppene, må du oppfylle visse krav. Viss du høyrer til ei av desse gruppene, oppfordrar vi deg til å melde frå om dette ved å krysse av for det i jobbsøkarportalen. Avkryssinga i jobbsøkarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk, som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine

Vi gjer merksam på at opplysningar om søknaden din kan bli offentliggjorde sjølv om du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste. Du vil bli varsla om dette.

Ønskjer du meir informasjon om stillinga?

Ta kontakt med seksjonssjef Dag Folkestad på telefon 959 23 398 eller kontorsjef Siv Hanne Eikestad på tlf. 468 23 603.

Vi ber om at du legg ved vitnemål og attestar. Legg gjerne ved CV, men husk også å nytte malen i Jobbnorge for å registrere utdanning og yrkeserfaring.

Hvem er Statens vegvesen?

Statens vegvesens vil lede an i utviklingen av et effektivt, sikkert og helhetlig transportsystem tilpasset morgendagens behov og teknologi. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på vei og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.

Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet smarte, trygge og miljøriktige transportvalg.

Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks nyetablerte divisjoner.

Les mer om Statens vegvesen og se flere ledige stillinger