Køyretøykontrollør Førde

Stillingsbeskrivelse

Arbeids- og ansvarsområde

Som køyretøykontrollør skal du gjennomføre kontroll av tunge og lette køyretøy hovudsakeleg i kontrollhall, men og på veg. Du får også ansvar for sakshandsaming og informasjonsverksemd knytt til køyretøy.

Du vil inngå i ei faggruppe med 22 kontrollørar som har tenestestad i Nordfjordeid, Førde, Voss og Bergen. Noko reiseverksemd må påreknast.

Kvalifikasjonskrav

Som køyretøykontrollør må du ha god kompetanse innanfor tekniske fag.

Vi søkjer difor etter deg som har utdanning som ingeniør innan mekaniske fag og/eller fagbrev som bilmekanikar eller annan relevant utdanning, samt erfaring som mekanikar. Det er ønskeleg med minimum 2 års relevant arbeidserfaring og gjerne med tyngre køyretøy.

For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda og gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast.

Interesse for køyretøy og handheving av regelverk er ein føresetnad, og erfaring frå verkstadbransjen er ønskeleg. Grundig opplæring gjennom etaten si trafikant- og køyretøyutdanning vil bli gjeve.

Stillinga inneber mykje kontakt med kundar og gode kommunikasjonsferdigheiter er ein føresetnad for å lukkast i stillinga. Du må difor beherske norsk skriftleg og munnleg og kunnskap i andre språk, som til dømes engelsk og tysk, vil vere ein fordel.

Det er vidare ein føresetnad at du beherskar godt data som arbeidsverktøy, og har minimum førarkort klasse B/BE. Du må fylle krava til å kunne erverve førarkort i tyngre klasser. Vandelsattest må kunne framleggast.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ønskjer vi ei autorisert oversetning av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

Vi vil i tillegg særleg vektleggje personlege eigenskapar og haldningar, så som;

  • kunne sjå viktigheita av myndigheitsoppgåva og utøve dette på ein god måte
  • kunna arbeida systematisk og nøyaktig etter gjeldande regelverk
  • evne til å arbeida sjølvstendig og saman med andre
  • evne til å bidra positivt til eit godt arbeidsmiljø
  • god sjølvinnsikt og høg integritet

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsrettaløysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • pensjonsordning og moglegheit for lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskular og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår. 

Søknad

Statens vegvesen ønskjer å vere ein arbeidsgjevar som speglar mangfaldet i samfunnet.  Me jobbar for å realisere regjeringa si inkluderingsdugnad, og vil gjerne ha ein søknad også frå deg som har nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en, men som elles fyller kvalifikasjonskrava til stillinga. Me gjer merksam på at opplysningar om nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en kan brukast til registrering.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Dersom du har spørsmål om stillinga kan du ringe kontorsjef, Siva Hanne Eikestad, på mobil 46823603.

Hvem er Statens vegvesen?

Statens vegvesens vil lede an i utviklingen av et effektivt, sikkert og helhetlig transportsystem tilpasset morgendagens behov og teknologi. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på vei og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.

Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet smarte, trygge og miljøriktige transportvalg.

Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks nyetablerte divisjoner.

Les mer om Statens vegvesen og se flere ledige stillinger