Stillingsbeskrivelse
Arbeidsomtale
Me jobbar for gode digitale løysingar for både innbyggjarar og tilsette, og me ønskjer å skapa betre og sikrare tenester med god kvalitet. For å leia dette arbeidet treng me deg som er både nysgjerrig og målretta, og som har lyst til å ta Klepp inn i den digitale framtida.
Digitaliseringssjefen er plassert i kommunedirektørens stab.
Klepp kommune er den største av kommunane på Jæren, med over 20.000 innbyggjarar og om lag 1700 tilsette. Me ligg ein kort køyretur frå Stavanger og Sandnes.
Visjonen vår er Med blikk for alle . Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt.
Arbeidsoppgåver
- Overordna rådgiving for den digitale strategien til kommunen og pådrivar for digital transformasjon
- Sikre ei heilskapleg tilnærming til digitaliseringsarbeidet på tvers av verksemdsområda
- Leia og vidareutvikla Klepp kommune sin IKT-portefølje og infrastruktur i takt med krav til digitalisering i offentleg sektor
- Fremje fornying, forenkling og forbetring av tenestene i kommunen med digitale verkemiddel
- Aktivt bidra i regionale og nasjonale prosessar der framtidige digitaliseringsstrategiar og -tiltak blir utforma og blir utvikla
- Personalleiar for tilsette i digitaliseringsavdelinga, samt økonomiansvar
Kvalifikasjonar
- Høgare relevant utdanning
- Ønskeleg med leiarerfaring
- Gode kommunikasjonsferdigheiter på norsk, både skriftleg og munnleg
- God kjennskap til offentleg forvaltning, under dette innkjøp og digitaliseringsarbeid i offentleg sektor
- Ønskeleg med erfaring med digitaliseringsprosjekt
Personlege eigenskapar
- Du er ein tydeleg leiar, med evne til å leia på tvers i organisasjonen
- Du har god evne til å planleggja, prioritera og koordinera eige arbeid og innmelde behov
- Du har gode strategiske og analytiske ferdigheiter, kombinert med evne til å få omsett strategi i praksis
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Utfordrande og allsidige arbeidsoppgåver i eit spennande tverrfagleg miljø i stadig utvikling
- Moglegheit for fagleg og personleg utvikling innanfor eit breitt fagområde
- Godt sosialt miljø, låge tersklar og opne dører
- Fleksibel arbeidstid
- Gode forsikrings -og pensjonsordningar
- Lønn etter avtale
Tilsetjing skjer elles på dei vilkåra, og med dei pliktar, som kjem fram av utlysing og dei til kvar tid gjeldande lovene, regelverk og tariffavtalar.
Kontaktpersoner
Torild Lende Fjermestad
Kommunedirektør
Hvem er Klepp kommune?
Klepp kommune med sine omlag 19700 innbyggjarar, er ein stor arbeidsgjevar med mange engasjerte arbeidstakarar, som kvar dag utfører viktig og meiningsfylt arbeid.
Me ønskjer å rekruttera, utvikle og behalde dyktige medarbeidarar, og saman skape ein attraktiv arbeidsplass som sørger for gode tenester til innbyggjarane.