IT-driftsteknikere

Stillingsbeskrivelse

Stillingsbeskrivelse

IT-seksjonen søkjer no etter inntil tre IT-driftsteknikarar. Arbeidsstad er primært Oslo-området, men ein må rekne med reiseverksemd. Som IT-driftsteknikar hos oss vil arbeidsoppgåvene dine vere å delta i den daglege drifta, samt planleggje og gjennomføre vedlikehald, endringar og oppgraderingar. 

Det er viktig med breiddekompetanse innan IT, fortrinnsvis med erfaring frå drift og vedlikehald av IT-system. Vi ser etter kandidatar som er opptekne av å levere gjennomtenkte løysingar tilpassa behova til brukarane. Forsvarsbygg er underlagt vilkåra i Offentleglova – jamfør spesielt § 25 i Offentleglova. Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no.

Arbeidsoppgåver

  • Yte teknisk støtte og være ansvarlig kontaktpunkt ved tekniske leveranser
  • Utføre oppgradering, installasjon/tanking og oppsett offsite/onsite
  • Onsite support, feilsøking og feilretting
  • Delta i utvikling, planlegging, dokumentasjon og implementering av løysingar
  • Delta i prosjektarbeid ved behov
  • Andre oppgåver som naturleg høyrer inn under fagområdet eller som av omsyn til ressursdisponering er nødvendig å gjennomføre frå IT-seksjon sine oppgåver

Kvalifikasjonar

  • Utdanning på høgskole/universitetsnivå, fortrinnsvis innanfor IT. Relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
  • Må ha 2 års erfaring eller meir innan IT-drift/support
  • Det er ønskeleg med erfaring frå prosessorientert arbeid/ITIL
  • Må ha god basiskunnskap innan drift og vedlikehald, overvaking, dokumentasjon, virtualisering og Microsoft- produkt
  • Må ha operativ driftserfaring
  • Fordel med sertifisering innan f.eks. ITIL, VMware og/eller Microsoft
  • Må ha førarkort klasse B
  • Flytande norsk og gode engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
  • Stillinga føreset tryggingsklarering og autorisasjon Hemmeleg og NATO SECRET

Personlege eigenskapar

  • Serviceinnstilt, fleksibel og løysingsorientert
  • Har god teknisk forståing
  • Høg gjennomføringsevne og gode samarbeidsevner
  • Strukturert
  • Trivast med høgt arbeidstempo
  • Sjølvstendig og ansvarsmedviten
  • Gode kommunikasjonsevner

Vi tilbyr

  • Løn som førstekonsulent/seniorkonsulent (kode 1408/1363) frå kr. 404 000,- til kr. 650 200,-. Endeleg lønsplassering gjerast etter vurdering av kvalifikasjonar. I spesielle tilfelle kan vi vurdere høgare løn.
  • Fleksibel arbeidstid
  • Det må reknast med reiseaktivitet
  • Faglege utfordringar og spanande arbeidsoppgåver
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse
  • Meiningsfullt samfunnsoppdrag

Kontaktpersoner

Tord Håkstad
Teamleder IT-drift

Hvem er Forsvarsbygg?

Den beste arbeidsplassen er den som fungerer som en videreutdanning. Slik tenker vi, og det tror vi du gjør også. I Forsvarsbygg bruker vi mye ressurser på å utvikle våre medarbeidere og ledere. Det er nødvendig for å beholde de beste, og det er nødvendig for å plassere oss der vi ønsker å være, som ledende i vår bransje.

Forsvarsbygg er Norges største offentlige eiendomsaktør, og forsvarssektorens egen eiendomsekspert. Ingen kan mer enn oss om Forsvarets særskilte behov. Vi bygger og tar hånd om mange av landets mest særegne og krevende bygg, vi er hjem for menige og befal, og vi bidrar til trivsel på tusenvis av arbeidsplasser.

Les mer om Forsvarsbygg og se flere ledige stillinger