Inspektør byggetilsyn

Stillingsbeskrivelse

I tillegg til førebyggjande og beredskapsmessige oppgåver i h.h.t. Brannlova, er det og lagt delar av kommunane sitt ansvar for byggjetilsyn etter Plan- og bygningslova til selskapet. Dette tilsvarar ein 100% fast stilling.

Stillinga som inspektør byggjetilsyn er ledig frå 01.09.2019.

Arbeidsoppgåver

Sentrale arbeidsoppgåver:

  • Gjennomføring av byggjetilsyn i h.h.t. Plan- og bygningslova, i nært samarbeid med byggjesaksavdelingane i kommunane.

Andre oppgåver som kan vere aktuelle:

  • Gjennomføring av tilsyn i særskilte brannobjekt og andre risikoobjekt og verksemder. 
  • Utvikle samarbeidet og vere rådgjevar/vegleiar ovanfor eigarkommunane og eksterne samarbeidspartar innan branntekniske forhold. 
  • Gjennomføre motivasjons- og informasjonstiltak om førebygjgande brannvern.

Avhengig av kvalifikasjonar kan det på sikt vere aktuelt å inngå i vaktordning ved beredskapsavdelinga.

Ynskjelege kvalifikasjonar:

Utdanning som ingeniør frå ingeniørhøgskole, anna relevant høgskuleutdanning (td.juss/rettsvitenskap) eller særskilt brannteknisk utdanning på same nivå. 

Det kan vere ein fordel dersom ein har gjennomført yrkesutdanning i førebyggjande brannvern, grunnkurs og beredskapsutdanning trinn I ved Noregs Brannskule, og at ein minimum har førarkort kl. B.

Lang relevant praksis med tilhøyrande fagbrev/fagskule og erfaring frå m.a. offentleg sakshandsaming vil og bli vurdert.

Ved ev. tilsetjing av søkjar som ikkje stettar kvalifikasjonskrava må vedkommande forplikte seg til å gjennomføre nødvendig opplæring etter tilsetjing.

Utover formell utdanning vil det bli lagt vekt på:

  • Gode kunnskapar i og erfaring med bruk av aktuelle IKT-verktøy.
  • Gode munnlege og skriftlige framstillingsevner.
  • Personlig skikka, engasjert og interessert.
  • Evne til å arbeide både i team og sjølvstendig, strukturert og nøyaktig. Vere fleksibel og ha evne til å skape gode relasjonar til både brukarar og medarbeidarar. 
  • Relevant praksis.
  • Evne og vilje til å sette seg inn i lover og reglar for området.

Du vil verte utfordra på å stille opp ved behov uavhengig av organisasjonsmessig tilknyting. Sogn brann og redning IKS er ei lita eining som krev at alle tilsette er fleksible og dreg lasset saman. Organisasjonsmessig tilknyting kan bli endra.

Vi tilbyr

Du kan forvente ein meiningsfull, utfordrande og allsidig kvardag i eit opent og engasjert miljø. Vi kan tilby fleksibel arbeidstid, løn etter avtale samt det ypparste av norsk natur som råme for ditt arbeidsområde.

For meir informasjon om selskapet, sjå: www.sognbrann.no

Informasjon og søknad:

Alle søkjarar må skrive mobilnummer i feltet Telefon/Mobi privat" i den elektroniske søknaden.

For spørsmål kontakt Tenestetorget tlf. 57629600.

Dersom du skal søkje på fleire stillingar, må du sende ein søknad pr. stilling. 

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av vitnemål, attestar, kursbevis m.m. Desse skal takast med ved eventuelt intervju eller sendast ved førespurnad. 

Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden og det er merka av for at ein ønskjer å motta informasjon om søknaden på e-post.

I skjemaet er det mogeleg å krysse av for at søknaden ikkje skal bli offentleggjort, men gjer merksam på at CV vert brukt i utvida søkjarliste. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal bli offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan bli offentleggjorde, jamfør Offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.

Kontaktpersoner

Vidar Trettenes
Brann- og redningssjef
Telefonnummer: 90037256
Mobil: 90037256

Hvem er Sogn brann og redning IKS?

Sogn brann og redning IKS (SBR) er eit interkommunalt selsekap eigd av kommunane Sogndal, Luster, Leikanger, Balestrand og Vik. SBR har sitt hovudkontor i Sogndal.

Sogn brann og redning IKS er felles brann- og redningsteneste for kommunane Sogndal, Luster, Leikanger, Balestrand og Vik. Vi dekkjer eit areal på i underkant av 5 000km2 og knapt 20 000 innbyggarar.

SBR består av:

  • Forebyggende avdeling: 3 inspektørar, 1 feieformann og 4 feiarar. 
  • Beredskapsavdelinga: 5 brannstasjonar, 1 bi-stasjon og 2 depot og omlag 100 tilsette på deltid og heiltid.

Første mai 2011 tok SBR over alle oppgåver med heimel i brannlova, som t.d. søknader om oppskyting/sal av fyrverkeri, tilsyn med og oppfølging av særskilte brannobjekt, feiing og bustadtilsyn, samt beredskap i forbindelse med brann og andre ulykker. Frå juni 2012 har vi også ansvar for byggtilsyn i dei fem eigarkommunane.