Ingeniør/byggesaksbehandler

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 28. mai, 2021. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

Stillingsbeskrivelse

Hyllestad kommune søkjer etter byggesakshandsamar, som vil ha fokus på god og effektiv sakshandsaming og god dialog med innbyggjarane. Vi har ledig 100 % stilling i 1 års vikariat.  Stillinga er plassert i avdeling plan og utvikling, med arbeidsplass på kommunehuset på Hyllestad. 

 Arbeidsoppgåver:

  •  Handsaming av byggesøknadar og dispensasjonssøknadar etter plan- og bygningslova
  •  Handsaming av klagesaker
  •  Tilsyn, oppfølging av ulovlege tiltak mm
  •  Politisk saksførebuing
  •  Informasjon og rettleiing til innbyggarar i kommunen
  •  Matrikkelføring

 Kvalifikasjonar:

  •  Relevant utdanning frå universitet eller høgskule
  •  Kjennskap til plan- og bygningsrett
  •  God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  •  Gode samarbeidsevner
  •  Relevant og lang arbeidserfaring kan kompansere for manglande formell utdanning

 Vi tilbyr:

  •  Spennande og varierte oppgåver i eit godt, tverrfagleg og sosialt miljø
  •  Gode vilkår for fagleg utvikling
  •  Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  •  Heimekontor etter avtale
  •  Fleksitid
  •  Konkurransedyktig løn

Søknadsfrist 28.05.2021, bruk vårt elektroniske søknadsskjema.  Vi ser fram til å høyre frå deg.

Kontaktpersoner

Elin Garnes Solås
Personalsjef
Telefonnummer: +47 57 78 95 04
Gaute Lundeland
Telefonnummer: +47 57 78 95 29

Hvem er Hyllestad kommune?

Hyllestad kommune ligg i ytre Sogn på nordsida av Sognefjorden. Til Bergen brukar vi ca 2 timar med båt i sørleg retning, og det tek ca 1 time med bil nordover til Førde. Kommunen har i underkant av 1.400 innbyggjarar. Hyllestad kan skilte med norsk natur på sitt beste. Du kan rusle langs vasskanten eller bestige fjell som Lihesten, og her er gode kår for jakt og fiske. I Hyllestad er det moglegheiter for både familiar og einslege. Vi kan nemne nokre av våre orgainserte aktivitetar som biljard, dykkarklubb, turlag, idrettslag, kulturskule, kor,

bogeskyting med meir.

I Hyllestad er det rom for fleire, kanskje akkurat deg?