Ingeniør prosesstyring og IKT, Gaupne

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 15. mars, 2020. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

Stillingsbeskrivelse

Region Midt-Noreg, med til saman 200 tilsette, har ansvar for drift og vedlikehald av 32 kraftverk og 8 vindparkar i Vestland, Møre og Romsdal og Trøndelag, og når snart ein normal årsproduksjon på nærare 14 TWh.  

Produksjonsavdelinga ansvar for produksjonsplanlegging, vedlikehaldskoordinering og døgnkontinuerleg styring og overvaking av produksjonsanlegg, i tillegg til regionalt fagansvar for IKT og Prosesstyringssystem. Avdelinga har 15 medarbeidarar. 

Vi søkjer etter ein engasjert og fagleg dyktig ingeniør innan Prosesstyring og IKT som skal jobbe med vedlikehald, oppdatering og vidareutvikling av våre system for prosesstyring (SCADA-system) og andre tilhøyrande system. 

Din rolle: 

  • Du har eit operativt ansvar mot vår systemdrift av SCADA-system.  
  • Du jobbar tett mot vår regionssentral for å fange opp eventuelle feil og endringsbehov, og mot vår prosjektorganisasjon for å sikre god oppdatering av systema ved endringar og utvidingar ute i anlegga.  
  • Du har eit regionalt fagansvar innan prosesstyring og IKT, og samarbeide tett opp mot sentral fagmatrise i Statkraft.  
  • Du yter bistand og driftsstøtte til våre kraftverksgrupper 

Din profil: 

  • Du har høgare teknisk utdanning (bachelor/master). 
  • Du har erfaring frå fagfeltet prosesstyring og/eller IKT. 
  • Erfaring frå kraftproduksjon eller prosessindustri er ynskjeleg.  
  • Du formulerer deg godt både skriftleg og munnleg, på norsk og engelsk.  
  • Du ynskjer resultat, tek eigne initiativ og er flink til å jobbe både sjølvstendig og i samarbeidsgrupper. 

Statkraft tilbyr:

  • Fagleg og personleg utvikling i eit konsern i sterk vekst 
  • Eit godt arbeidsmiljø prega av kompetanse, ansvar og nyskaping 
  • Mangfald med hensyn til kjønn, alder og kulturell bakgrunn 
  • Konkurransedyktige vilkår og gode velferdsordningar

Kontaktpersoner

Kåre Hønsi
Produksjonssjef
Mobil: 911 73 219

Hvem er Statkraft?

Statkraft er et ledende internasjonalt selskap innen vannkraft og Europas største leverandør av fornybar energi. Konsernet produserer vannkraft, vindkraft, solkraft og gasskraft og leverer fjernvarme. Statkraft er en global markedsaktør innen energihandel og har 3600 ansatte i 16 land.

Les mer om Statkraft og se flere ledige stillinger