Ingeniør Byggfag - Gaupne

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 15. februar, 2019. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

Stillingsbeskrivelse

Region Midt-Noreg er ein del av forretningsområdet Produksjon i Statkraft, med ansvar for vass- og vindkraftanlegg i Trøndelag, Møre og Romsdal, og Sogn og Fjordane. Anlegga i regionen vert drifta av fem kraftverksgrupper, i samarbeid med produksjonsavdelinga og teknisk avdeling. Teknisk avdeling bistår med kompetanse til kraftverksgrupper og deltek i prosjekt slik at drift, vedlikehold  og utvikling av anlegga gjev optimal verdi for Statkraft. Vi har eit tverrfagleg ingeniørmiljø med brei kompetanse innan drift og vedlikehald av vasskraftanlegg og vi set strenge krav til tryggleik og kvalitet i eige arbeid. Denne stillinga vil være tilknytta teknisk avdeling.

Gaupne er oppmøtestad, men arbeidsområdet er anlegg i heile regionen. Tidsavgrensa oppdrag og reiseverksemd på anlegg og lokasjonar i/utanfor regionen må påreknast.

Di rolle:

  • Teknisk driftsstøtte og gjennomføring av tilstandskontrollar
  • Prosjektstøtte/leiing i rehabiliteringsprosjekt
  • Tilstandskontroll/analyse av byggtekniske installasjonar i kraftanlegga
  • Inneha nødvendig kompetanse innanfor bygg-fagfeltet
  • Bidra til økt deling av kompetanse/erfaring i Statkraft, og delta i fagnettverk i Statkraft.

 Din profil:

  • Høgare teknisk utdanning på universitetsnivå, bygg/vassdragsanlegg.
  • Kunnskap/erfaring innanfor eitt eller fleire av desse områda er ønskeleg:
  • Berekning av bygningskonstruksjonar
  • Damkonstruksjonar
  • Hydrologiske og vassdragshydrauliske problemstillingar
  • Betongteknologi
  • Erfaring frå kraftproduksjon (vasskraft/vindkraft) er ein fordel
  • God HMS-forståing og -engasjement
  • God brukarkompetanse på administrative IT-system
  • Gode norsk- og engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg
  • Utmerka relasjonskompetanse med evne til nettverksbygging og samarbeid
  • Forretningsorientert og med interesse for kraftverksdrift

Vi tilbyr:

  • Fagleg og personleg utvikling
  • Eit godt arbeidsmiljø prega av kompetanse og nyskaping
  • Mangfald  med omsyn til kjønn, alder og kulturell bakgrunn
  • Konkurransedyktige vilkår og gode velferdsordningar

Kontaktpersoner

Inge Hass
Seksjonsleder
Telefonnummer: +47 41518899

Hvem er Statkraft?

Statkraft er et ledende internasjonalt selskap innen vannkraft og Europas største leverandør av fornybar energi. Konsernet produserer vannkraft, vindkraft, solkraft og gasskraft og leverer fjernvarme. Statkraft er en global markedsaktør innen energihandel og har 3500 ansatte i 17 land.